top of page

Til våren


Vårblomstringa har hatt si kjernetid. Graset går varme, tørre juli-dagar i møte.

Nei ikkje gå, kviskrar eg i det påskelilja tek eit djupt bukk mot bakken, og far min kløyvar ned engkarse etter engkarse med grasklypparen. Den lette snøen av kvitveis er smelta og grønt gras banar veg i stadan. Sola som varmar så godt i den kjølige Mai-lufta vil gå over til å varma varmen. Det er ikkje like produktivt. Men solhatten ligg klar på hattehylla i gangen.

Eg klatrar eit halvnakent bjørketre. Klamrar meg til den kalde, rynkete stamma. "Velkomen" seier eg til dei grøne museøyra på greinene. Så små som draumar. Draumar, når dei enno er nyfødde og gnistar av idear og moglegheitar. Før rasjonalitet, motseiingar og studielån kjem inn i biletet... Alt er søtt når det er lite. Snart skal knoppane vaksa seg store. Dekka greiner. Krasja inn i kvarandre og kjempa om plassen.

Eg gledar meg sjølvsagt til lange sumar-netter her langs fjorden, salt i håret, duett med måkeskrik, morgonyoga i dogg-vått gras, og fri frå resten av året. Men likevell, blir eg urolig for den lange somaren. Eg tek ein ekstra tur bak huset og opp til hestehoven som gøymer seg bar drivhuset til mor.

"Du kjem attende neste år, ikkje sant? Du lovar, ikkje sant?"

Eit snev av ubekvem brer seg i meg med tanke på den store sterke sola som snart skal breia seg som sjefen over alle himlar. Leggja under seg ei tørr jord og sprudlande born med iskrem-fingrar. Så flott det høyrest ut. Jo visst frydar eg meg når Nivea faktor 30 blandar seg med bølgeskvulp ein varm Augustdag. Men når eg no syklar forbi nabo-garden, igjennom ein tjukk dis av ku-møkk, då fyllest lungene seg med barndom og smilet med takksemd og eg vil berre ve her akkurat no heile tida.

Det er noko med det som stille og vagt viser veg til livets sanning. Som ei kjærlig, oransje sol ein morgon i April. Då er eg og livet på bølgelengd.

11 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page