top of page

Unntaka #instagram


Instagram blir stundom omtala som ein fasade. Eit glans-bilete. Kvit løgn. Jag etter merksemd. Eit spel. Business og penge-sluk. Bilete-deling har rett og slett fått eit dårleg rykteI, til dels ufortent. Sidan eg er ein av dei som lett let meg blinda og lura av glansen, som brukar instatram flitting, men som også har ei negativ haldning til det, så vil eg prøva å fram-snakka sosial media ørlitegrann.

Kvardagen gjer seg ikkje fortent til eit innlegg. Kven bryr seg om eit bilete av brødskiva mi i eit skjerande lys frå kjøkkenlampen frå 80-tallet? Men unntaka derimot, som den sjeldne fjellturen, fisketuren anna kvart år, heimalaga brød, sprudlevin på terrassen, og den eine vellykka gulrota frå årets grønnsaksåker.... dei får oss til å kjenna oss inspirerte, kreative, vellykka, annleis, fyld med energi og driv.

Og er det ikkje nettopp difor me deler, for å dela den kjensla av inspirasjon og takksemd med andre? I alle fall for meg er det tross alt unntaka i kvaradagen som fargelegg livet mitt. Kvardagen er ei god ramme å leva i, og heilt naudsynt, men unntaka gjev innhald og meining.

Er det ikkje då ok å setja litt søkelys på desse unntaka? Å leggja dei ut på vår digitale fotoalbum, og glea oss over dei?

Problemet oppstår når jaget etter merksemd overskyggar gleda ved "unntaka", og ein byrjar tru at andre sine unntak er kvardagen deira.... Og det er faktisk eit stort problem og er mykje omtala. Eg er sjølv flaut flink til å tru at andre sitt liv er så mykje betre enn mitt eige, grunna det eg ser på nettet. Kanskje det var difor eg hadde eit lite behov for å, for ein gongs skuld, sjå saka frå den andre sida og prøva minna meg sjølv på at dei fleste andre truleg gjer som meg... viser fram høgdepunkta.

Ein ting er kva er kjenner ved å sjå andre sine innlegg, men faktisk; Eg kjenner også skam når eg deler eit bilete på instagram. Eg kjenner på at eg bidrar negativ til denne nett-fasaden ved at eg deler mine positive og vellykka stunder. Det vert så feil og opp ned. Eg kjenner meg dårleg av å sjå andre sine innlegg, kjenner skam av å dela sjølv.... Samstundes som det er kjekt og inspirerande å både følja med på andre sine liv og dela av eigne erfaringar.

Ok, dette var eit tankeras som plutseleg ser ut til å kunna bli ei halv bok. Men...

Utan å gå for mykje inn på saken så legg eg ein link til ein Frank Nilsen sin podcast Mentaltrener, og eit intervju med Ane Dahl Torp om sosiale media, som eg annbefaler på det sterkaste. http://www.mtfranknilsen.com/podcast-hidden/2019/6/25/ane-dahl-torp

24 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page