© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Ein juletekst utan tittel


Tre kvite lys i raude lysestakar kjøpt på Fretex. Raude som nitti-talet, kjøpt i melankoliens namn. Kaffi-koppen er fyld til randen med Frist Price filterkaffi, blanda med ein stor dose Havremjølk. Og på bordet ligg skrive-blokka. Over 2/3 ferdig-rabla med restar av avokado, sjokolade, blant anna.


Det er siste morgon før juleferien. Eg vakna til ei underlig stillheit og ro. Det kjennes som om her og no varar evig og ikkje har noko å hasta etter. Det er i grunn ingenting som er meir sant enn det. No er alltid no. Somme av oss brukar i overkant mykje tid på å la tankane prøva å endra fortidas no eller planlegga framtidas no. Då er det ikkje rart at notidas no på ein måte forsvinn.


Akkurat NO er eg i notidas no. Så godt eg får til i alle fall. Langt inni meg ein stad ligg det ei stemme som maser om at om 30 minutt må eg gå på treningssenteret, og anna stemme som sjonglerer dei ulike busstidene og prøver å få meg til å ta eit val om når eg skal reisa heim til jul. Og ikkje minst den stemma som lurer på kva klede eg skal ha på meg i dag og som PS: meiner eg ser stygg ut i alt uansett. Men nei, søren heller. Eg kjører på med runde to med kaffi, kjenner korleis pennen legg seg mellom fingrane mine, ser blekk bli til ord, og lener meg tilbake til notidas no. Akkurat i dag er det faktisk litt enklare enn ellers.... Kan det ha noko å gjera med hendinga i går?


Ut av det blå. Føtene brast, mista all si kraft, kollapsa som steinras.


Eg datt. Reiv tak i dyna og drog med meg gitaren og datamaskina i eit pang på golvet. Alt gjekk rundt og rundt og rundt, sjølv lenge etter eg landa. Eg var ikkje svimmel, ingen svarte flekkar, men kroppen berre slutta å verke og hjernen kopla av. Så kom hjertebanken og hyper-ventilering. Angst?? Eg har hatt panikk-anfall før. Men det har aldri kjentes slik som dette. Det har aldri vippa meg sjølv av mine eigne bein.


Så hjelpelaus ein vert utan kropp...


Eg hadde ingen anna val enn å ta det heiiiilt med ro resten av kvelden. For fyrste gong i mitt liv logga eg inn på Netflix med brodern sitt passord. Eg fann ein romantisk julefilm som gjorde det alle julefilmar gjer; fekk meg til å drauma, tru på magi, og kjenna på ei einsemd av å vera "åleine" i jula. Det er merkeleg, i grunn, korleis MIN draumeprins alltid finn vegen til Hollywood og får rolla i ein film som eg tilfeldigvis klikkar meg inn på...Julemagi?


Eg sov i 10 urolege timar og kjenner meg nedpå og energi-laus her eg sit i morgon-mørket. Samstundes har eg dratt ei morgonkåpe av ro over meg, den roen me i moderne samfunn har ekstremt avgrensa tilgang til. Nei det er ikkje berre meg og mitt mentalt hektiske frilans-liv. Det er samfunnet og alle dei ulike rollene ein skal ha. Altså; er det rart at folk kjøper julekjolen på Zaful(nettbutikk) og får middagen levert på døra? Nei. Men jo, det er ganske rart at samfunnet er blitt slik at me får gevinst for å arbeida for mykje og handla billigast, og gjer det vanskeleg å ta dei vala som er best for oss.(!) Men har alltid halt meg unna politiske debattar, så eg skal ikkje gå meir innpå dette no når eg eigentleg sit her å fundere på førjuls-ro.


Poenget var vel at eg fekk mitt største fall, slag i magen og wake-up-call dagen før juleferien starta. Og veit du, det kjennes godt. For kor mykje motstand skal ein stå i, eller heller, stå imot? Kor lenge skal eg kjenna på at kroppen ikkje verkar, at tankane ikkje tenkjer, og at gleda søv, før eg set ned foten og seier:


"Drit i karriere. Drit i framgang. Drit i alder. Drit i økonomi....Eg vil leva eit liv eg er gald i".


Kor lenge skal eg tenkja at "i morgon vert det sikkert betre" før ein gjer noko for at det skal verta betre?


Å driva med musikk gjer meg ikkje glad, stort sett. Ikkje no. Tvert i mot. Men det kan eg jo ikkje sei til nokon.... For eg er jo glad. Positiv. Energisk. Takksamd. Sprudlande. Liksom. Men heilt ærleg, eg har så lyst å berre gje blaffen. Ikkje i musikk, ikkje i livet. Men om berre eg kunne våga å ta ein pause og gje meg sjølv over til tida, til notidas no, til vil, til lyst, til draumar. Til julemagasin, strikketøy, dårlege julefilmar og lange tause kaffistunder med foreldra... Det er berre so utruleg vanskeleg.


Eg har vippa 28 og kjenner meg like åleine som julestjerna på himmelen.


Om eg hadde hatt mitt eige hus, min mann, mine barn, min vimsete hund, mitt skeive juletre, mitt oversalta pinnekjøtt, då hadde eg hatt noko å dela av. Noko som var mitt heilt inn i hjarta og som eg kunne dela med dei som trong hjarterom og eit varmt ullteppe.


Men eg har ikkje det. Ikkje endå. Det er framleis eg som må få av andre sitt hjarterom, meir konkret av mine fantastiske foreldre sin sofa, kålrotstappe, innpakningspapir, juleost og vin dunk. Eg har lenge stritta imot akkurat dette faktumet, og telt advents-dagar med rynka bryn.


Samstundes, har eg jobba med tanken på at det er lov å koma heim til jul og bli dulla med, og likevel bli sett på som(og kjenne seg) vaksen og sjølvstendig. Og då eg i går mista krafta i kroppen, då var det ikkje tvil;


Eg må heim. Eg må berre ta i mot.


Sjølv om jula gjer litt vondt ein stad langt inni meg så gav gårsdagens fall meg den beste påminninga eg kunne fått: Alt det eg ynskjer å verta og alle framtidas draumar er ikkje verdt noko om ei "vond no" er prisen å betala....


"Enjoy the ride. The destination will unfold" sa drømme-mannen i julefilmen i går. Kan eg gjera det? Kan eg la meg sjølv vera den som får utan å få dårleg samvit for å ikkje ha så mykje å gje attende? Kan eg tru på det rådet eg ville gjeve til alle andre: at når kroppen ber om kvile så må den få det.


Eg kjenner på at eg sårar dei rundt meg når eg er slik som eg er no, så tom og tiltakslaus. Men samstundes;


Kanskje sårar eg meir om eg trekk meg unna?


Kanskje vil mammo og pappen heller feira jul med eit utakksam vaksen barn enn å bli valt bort? Kanskje er vener slik og? Kanskje kan eg slutta å klandra meg sjølv for å ikkje vera den venen eg ynskjer å vera,


og heller gje rom for å bli det igjen...?


Driving home for Christmas!

GOD JUL!



27 views