© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Lærdom frå morgenstunda

October 27, 2018

Eg studerte sola, raud som ei tomat, hengjande lavt men stigande over vannkanten. Eg myste igjennom kamera-linsa, og fanga gule lysflekkar, seglande måsar, og eit eldre par hånd og hånd; som mørke skyggar framfor den no orange sola.

 

Medan eg vassa i bøljetoppane som slo opp mot stranda vart sola gul, huden brun, og tankane blanke. Nesten som gjennomsiktige og flytane og nesten ikkje til stede. Eg tenkte ikkje på noko, samstundes på alt. Eg hadde kanskje håpa at svaret på livets store spørsmål skulle skylla inn med bølgene, og låten som skal gjera meg rik skulle blåsa inn i tankane mine med vinden. Men det skjedde ikkje...trudde eg. Men ser eg no tilbake på den eine timen, tilbrakt i stillhet, berre meg og der og då; Kanskje var eg ikkje så langt unna svaret på livets store spørsmål likevel?

 

Med bare føtter godt festa i bakke, alt som må gjerast framleis sovande heime på hostellet, bekymringar gløymd og framtid kun framtid...

 

Sola står høgt på himmelen no. Det kryr av liv, bilar, sveitte turistar, og lause tankar. Tankar som verken har ein byrjing eller ende. Alt som skal gjerast er stått opp og tatt form som skrikane alarm inni meg, framtida er skremmande og må planleggast, tida er eit spel og eg er ein silhuett..

 

Kor blei det av nærveret eg fant den eine timen mellom kl 08 og 09 i dag tidleg? Har eg allereie gløymd det er lærde?

 

 

 

 

Please reload

RECENT POSTS

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

June 30, 2019

Please reload