© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Der det gode og vonde møtes - Julerefleksjonar

December 31, 2018

Eg gjekk langs vegen, på veg heim. Det var Desember. Blå-timen haldt på å gå over i mørke. Store lette snø-flak dalte stille og danna kunstverk i lufta. Eg såg opp, og kjente himmelen dra meg mot den. Så lett. Eg var 14, hadde brun skin-jakke, raudt heima-strikka sjal og blå heima-strikka hue. Håret var godt gøymd inni, utanom luggen som låg fint og dekka halve panna.

 

 

Eg kjende meg fin og varm. Verda var så vakker at ord var ikkje å finna. Alt kjentes så heilt og så ekte. Julevarmen struma frå alle dei lukka husa rundt, og her og no var heilt til stede. Verda var kvit som håpet og lyset, og gjorde den mørke vinterkvelden lysare enn sommaren sjølv. For fyrste gong, kjentes det som det aller beste i livet viste seg til meg.

 

Samstundes kjente eg ei lengsel. Det einaste eg ynskte meg var å ha ei hand å halda i. Nokon som var min som kunne dela dette med meg. Det var noko eg aldri hadde hatt, men som likevel verka som det einaste som gir meining for meg å ha. Lengsla kjentes så inderlig djup og skar hardt i hjarta og i smilet som gjerne ville vera heilt.

 

Der stod eg med det aller beste på jord saman med ei einsemd og smerte som i nuet kjennes umogleg å leva med.

 

Dette har vist seg å vera livet. Igjen og igjen går eg saman med det ubeskrivelege vakre, reine og ærlege verda, på den eine sida. På den andre sida står ei sorg, lengsel, smerte eller knuste draumar. Det vonde vært så vondt saman med det gode. Dobbelt vondt. 

 

Men medan det vonde ligg plagar meg som ein djevel eg ikkje kan bli kvitt, så er det også det som gjev det gode det magiske himmelske lyset. Og medan det synest uoppnåeleg å eiga, så er det også det som held eit bleikna og tårevått håp i live langt inne ein stad. Så er det det ein går mot. Det gode er livet, og det vonde er slik eg går gjennom det.

 

I juletider får det gode skina ekstra sterkt. Som ei stjerne på himmelen i ei mørk ødemark får det gode skina og gjera alle litt meir varme inni seg. Og det mørke får kjempa hardare enn nokon gong, og koma ut av det sterkare enn nokon gong!

 

 

 

Please reload

RECENT POSTS

November 12, 2019

November 12, 2019

November 12, 2019

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

Please reload

My train of thoughts