© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Tusen ting som ikkje fungerer

January 1, 2019

"Eg har aldri mislykka med noko, eg har berre lærd tusen ting som ikkje fungere" høyrde eg ein klok man seia. Så sant, er det ikkje akkurat slik det er; at ved å læra kva vegar som ikkje leder fram så finn ein sakte men sikkert den vegen som faktisk leder fram? Om ein lærer av sine feil, er det  då ein feil?

 

Eg har hamna i mange situasjon der resultatet ikkje har vorte som eg ønska. "jaja då lærte eg det" seier eg då litt halv-positivt til meg sjølv og tenkjer på den kloke setninga ovanfor. Læring er meistring er framgang. Ikkje sant?

 

Men stundom er det som om eg står og stangar hovudet i veggen, om og om igjen, dag inn og dag ut, utan resultat, og likevel held fram å stanga hovudet i veggen i håp om endring. Det er som om eg lærer kva som ikkje fungerer, men likevel held fram med det som ikkje fungerer. Som om viljen er for sta og stolt til å sei "ok, vegg, det er greit. Eg får vel bruka døra då".

 

Det er truleg dette som leder tankane på mørke villveie og djupe dalar titt og stadig. Eg greier ikkje sjå blind-veiene som lærdom og peikepinne, men grev meg heller ned i skuffelsen av å stå fast. Og det er då eg skriv blogginnlegg som gårsdagens tankeras om manglande nyttårsønske. Det er godt å skriva om det er som er vondt når ein sit i det. I staden for å kravla meg opp på overflata att, så tilet eg meg sjølv å væra der nedi grumset litt, og skriva om det. Du har vært der du og, har du ikkje? Følt at "søren heller" og tenkt stygge ord som du ikkje seier høgt...?

 

Men så kjem me ovanpå att. Kanskje med å tenkja at "jaja då lærde eg det", eller kanskje du tek ein joggetur, eller går på jobb, tek på sminke, smiler til spegelen, skriv eit dikt, ropar høgt... Ja, du har nok dine metodar og eg har mine. Eg kjem alltid tilbake til det "normale" tilværet att, der livet er greitt og tida flyg og været er variert.

 

Men eg må innrømma at eg må øva. Eg må øva på å tenkja "Eg har aldri mislykka med noko, eg har berre lærd tusen ting som ikkje fungere" . For å ha store draumar som ein jobbar mot åleine er ikkje enkelt. Men eg veit at eg for Guds skuld ikkje må gje opp. Og eg veit at kvar dag har augeblink eg kan ta og kjenna på, som gir meg meining og kjensle av å høyra til. Eg må berre øva meg på å sjå det. Kanskje du og?

 

 Photo: PHOTOBANAS 

 

Please reload

RECENT POSTS

November 12, 2019

November 12, 2019

November 12, 2019

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

Please reload

My train of thoughts