© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Om eg var snø som lava ned

January 27, 2019

Som eit grantre litt oppi høgda. Tett blant andre grantre. Eg ser nesten ikkje trea for berre skog. Men der står du. Du treng ikkje så mykje plass du. Står støtt i den jorda du har.

 

Og eg får koma som lett snø på -1 grad, og legga meg på deg. Litt og litt og så blir det mykje. Likevel får eg henga der i tjukke lag på dine tynne griner, så dei bøyer seg i eit djupt bukk ned mot bakken.

 

Eg gjer ikkje mykje meir enn å bli tyngre. Eg berre heng. Som glitrande dekor. Klamrar meg fast til barnåler og let meg varma av stamma di. Den er fylt av frist energi.

 

Du brekk ikkje. Du er like varm. Du står like støtt. Om du er på randen til å sleppa taket, så gjer du det ikkje. Om mjølkesyra brenn i greinene, så viser du det det ikkje.

 

Men kva om eg var denne snøen og du var eit grantre som ikkje ville halda? For det er jammen ikkje alle som tek imot. Kva hadde skjedd då? Hadde eg blitt trakka på av lange ski med stålkant? Pressa ned i jorda av spisse stavar? Hadde eg lagt der nede og sett draumande mot ny snø som kom lavande og kanskje, kanskje ikkje, kanskje, kanskje ikkje fekk henga på deg.

 

Nei det kan eg nesten ikkje tenkja på. Men eg kan takka for. Tenkt at eg får vera som snø som får henga på eit grantre. Som deg. Som let meg berre henga der og vera vakker vinterlandskap.

 

 

 

Please reload

RECENT POSTS

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

June 30, 2019

Please reload