© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Narkosens lykkelige liv

February 7, 2019

Fyrste gong var eg livredd. Dette er slutten, tenkte eg. I det dei kvitkledde satte maska over nasa mi sendte eg ei stille takk til ein Gud og mine 26,5 år på jorda.

 

Eit sekund (1t) seinare vakna eg. "Åh so deilig. Ta meg tilbake."  Det var det fyrste eg tenkte. Den eine timen narkose var verkeleg den beste søvnen eg nokon gong hadde hatt. Frå då av, den 11. Juni 2018, har eg gleda meg til eg skulle operera høgre foten, fordi eg då skulle få ein til time av denne herlege, bekymringsfrie flukten.

 

I dag, 4.Februar 2019, var dagen kome. Denne gongen stilte eg uredd opp på Haukeland 15 minutt for tidlig. Etter 4 timar venting fekk eg endeleg la dei kvitkledde forsvinna bak eit teppe av ingenting.

 

Det var rart. Eg vakna sakte denne gongen. Men sjølv i ørska merka eg tårene trilla nedover kinna mine. Eg forstod fort kvifor. Eg var lei meg, lei meg for at eg var vaken att og at timen i ingenstadsland var over. "Ta meg tilbake så eg slepp å leva dette livet" var tanken som snurra inni meg. Det var ikkje ein god tanke.  Det var ikkje det eg ville at konklusjonen av ein time narkose skulle vera.... At eg skulle innsjå at eg "ikkje likar livet mitt".

 

I eit time hadde eg fått fri. Fri frå alle bekymringar, gjeremål, plikter, gleder og sorger, haltande draumar og djupe sår. Alt var berre borte. Berre eg eksisterte. Ein eller anna stad, som eit svevande ingenting i eit univers lang inni sjela mi, hadde tankane mine fått kvila.

 

Det var så deilig. Men at eg skulle kjenna på ein indre smerte då eg vakna hadde eg ikkje forventa. No

 

skal det merkast at eg framleis var til dels sovande då desse dramatiske tankane og tårene rulla over meg. Me veit alle kva dramastykke som kan utstpela seg når ein er trøytt. Men likevel. "Dette må eg ta tak i", tenkte eg. Eg er fullt klar over at det er ting i mitt liv som er vondt og vanskeleg, og ting eg med vilje ser forbi. Var dette teiknet? Sparket bak?

 

"Berre kvil deg du" så ei av dei hyggelig pleierane.

 

Etter ein halvtime vaknings-prosess fekk eg endelig setja meg opp og eta frukost(kl 15.00). Ei banan. Akkurat passe moden. Sakte. Bit for bit. Eg knakk av med fingrane fordi mat smakar betre når eg et med fingrane...rart. Så slo det meg at slike gode bananer faktisk gjer verda ein litt betre stad å vera. Tenk om eg aldri fekk eta ei slik banan igjen. Eg åt også 5 mandlar. Dei gjorde veldig godt for sjela.

 

Så kom doktoren for å informera om korleis operasjonen gjekk. Hm, pussig, eg som trudde eg vart operert av ei kvinne. Men okay, Greys Anathomy, bring me in. McCharming kunne trygt sei at alt hadde gått veldig bra. Han drog på smilebanda, og...hm, haldt han blikket litt ekstra lenge?? Eg retta litt på håret og passa på å gøyma mi grisete bananhand. Sjukehus flørt, er ikkje det den beste flørten? Den som aldri blir noko, og som kanskje eigentlig berre fann stad i min fantasi? 

 

Pappen kom som bestilt. Med rullestol. Vel heime, heldigvis utan rullestol, sank eg ned i sofaen med beinet opp og med ein stor raud kopp kaffi. Ja, kaffi. Prikken over ien. Alltid.

 

Heldigvis, skulle det ikkje meir til enn ei banan, McCharming og ein kopp kaffi til, før eg følte at livet var greitt å leva likevel.

 

Men.

 

Det at eg hadde det så godt når eg var inni ein narkose at eg helst ville bli der; Det er vel eit slags problem..? Ei nøtt som må knekkast, knapp som må syast, tankar som må ryddast.. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal gripa ann denne situasjonen. Men det kjem eg tilbake til i eit heilt anna  bloginnlegg.

 

Det er godt med gode peikepinnar, sjølv når dei er litt i overkant dramatiske, synest eg.

Please reload

RECENT POSTS

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

June 30, 2019

Please reload