© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Lotteriet

February 14, 2019

(Uredigerte tankar etter i ung jenge eg kjente til frå studie, nyleg forlot verda etter å ha kjempa mot kreft i to år)

 

Livet er eit lotteri.

 

Utgangspunktet er at alle menneska vert kasta ut i verda, som 6 billionar ballar som vert kasta inn i ei stor rund lottomaskin. Du veit, dei me kunne sjå på tv på 90-tallet. Dette er fyrste steg, og til då er alle like heldige. Me fekk innpass. Alle får bli med på leiken som menneske. Men frå det me blir kasta inn til me havnar ein eller anna stad i kaoset av ballar, er lotteriet i gang.

 

Nokre får hus, and får skur. Nokre får palass, andre får lavo. Nokre får skulegang, andre får fast stilling på ein H&M fabrikk. Nokre har gullhår, andre krøllar. Nokre har éin arm, andre åtte tær. Nokre får ein whisky for mykje, andre ei brødskiva for lite. Nokre får stor triceps, and får stort hjerne...

 

Og så rullar me rundt i denne lotterimaskina av ei verd. Rundt kvar eit hjørne står tilfeldigheita og dyttar og dreg. Nokon blir gift nokon blir forlatt. Nokon møter suksess andre møter gjeld. Nokon møter kjærleik og somme støtar den frå deg. Nokon ser eit våpen i ei kjedsom stund. Andre går i protest og kjedar seg aldri. Nokon blir president, andre burde vært det.

 

Lotteriet snurrar og og går. Nokre ber sitt lille hjarta dag etter dag etter dag fram til 90. Andre har det største hjarta, men slår berre eit barns år. Nokre menneske blir sugd ut av verda med eit brått smell i 120 km/t, somme med kule igjennom tilværet. Og somme får dag etter dag medan håret fell av strå for strå, huda bleiknar, musklane fell av og ei sjel sit att til ho berre ikkje er der lenger. Kreft.

 

Og eg berre snurrar rundt her. Prøver så godt eg kan å manøvrera og påverka lotteriet. Gløymer at tilfeldigheita tross alt vinn. Og blir like sjokkslagen kvar gong ein av medlemmene blir tatt bort. Er det mogleg, tenkjer eg då? Kan ein berre...forsvinna?

 

Livet er eit lotteri. Eg er heldig kvar dag.

Please reload

RECENT POSTS

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

June 30, 2019

Please reload