© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Kvinner

March 9, 2019

Då kvinnedagen nærma seg kunne ein høyra debattar der tema var "er det framleis naudsynt å feira kvinnedagen?" Er me ikkje kome så langt i 2019 at kvinnedagen kan gå forbi i stillheit? Er det ikkje likestilling i Noreg? Dette er eit tema eg sjølv måtte setja meg å fundera på med pen og papir. Det fyrste som datt ned på papiret var "Kva hadde skjedd om me ikkje hadde feira kvinnedagen". (det gjeld å snu spørmålet opp ned). Svaret var så obvious at eg stoppa skrivinga der med ein gong; Det ville vært katastrofe. Ikkje for meg. Personleg har eg det svært godt som kvinne i Norges land, og har verken  opplevd undertrykking, lav løn, trafficking, voldtekt, eller liknande. Men for dei som vert seksuelt trakassert, understrykka, kjøpt og betalt for, jobbar meir og tener mindre m.m... Det ville jo sendt eit fullstendig feil signal til verda. Det ville vert som å sei. "Det er ikkje så viktig med oss kvinner"... Og det er jo berre so typisk oss, ikkje sant? "Næ, ikkje tenk på meg. Det går bra".

 

 

Men heldigvis, er ikkje kvinnedagen noko me let gå forbi. Nei her står ein saman og talar vår sak høgt og tydleg. "Hva faen, Erna?" stod det på ein plakat ei jente gjekk å bar på ved sida av meg i går. Jepp, kvinnene er ærleg og brutale, men kjærlege og inkluderande! 

 

Fordi eg er ei kvinne som kjenner meg sterk som kvinner, som likar å vera kvinne, som kjenner at eg KAN og eg VIL og eg ER.... Så gjekk eg stolt og glad i 8.Mars tog i går.

 

Då eg såg alle parolene ein kunne velja å stilla seg under, fekk eg eit dundrande JA på sprøsmålet "er det framleis naudsynt å feira kvinnedagen?"   Sjå sjølv:

 

Hvorfor sone verre bare fordi vi er færre?

Nei til nedlegging av kvinners soningstilbud ved Øyen

Like rettigheter for kvinner i fengsel

Styrk sexkjøpsloven, øk straffene og krev hjelpetiltak nå!

Stopp voldtektene – døm overgriperne! Samtykkelov nå!

Kvinners liv-kvinners valg- bort med nemdene

Forsvarlig fødsel- og barselomsorg i hele landet

Kvinnehelse=barnehelse=folkehelse

Minimum to liggedøgn ved fødsel

Vern kvinner i krig. Nei til voldtekt som våpen

Flere kvinnelige gründere

Innfør eit tredje kjønn

Transkamp er også kvinnekamp

Rett til helsehjelp for papirløse

Jeg har opplevd #metoo

Kvinner forandrer verden

Kjerringer mot at EU skal styre strømmen (Nei til EU)

Nei til sweatshops og slaveri - Ingen er fri før alle er fri

Min kamp - vår kamp

Sex uten samtykke er voldtekt!

Likestilling og inkludering for alle verdens kvinner

Kvinner med funskjonsnedsettelser er også mer utsatte for overgrep og vold.

Vi ønsker en verden som er reelt inkluderende. Veien dit er lang.

Kampen mot sorteringssamfunnet skjer ikke i livmoren

Opp alle jordens skeive feminister

«Bruk stemmeretten – stem på en feminist!»

«Kvinnekamp er klassekamp»

Klimakamp er kvinnekamp

kvinners kropp er ikkje forhandlingsvare - forsvar abortlova!

Kamp for full kvinnefrigjøring

Utvid selvbestemt abort - fjern nemdene!

Norge svikter traffickingofre - gi dem opphold!

Kurdiske kvinner kjemper mot alle former former for kvinneundertrykking

Papirløse kvinner er også kvinner!

En lønn å leve av - En dag å leve med – 6- Timers normalarbeidsdag

Frihet fra seksuell trakassering - #ikketilforhandling

Hent ISIL-barna hjem

Stopp menneskehandel

Arbeidstakerstatus til fosterforeldre

Solidaritet med palestinske kvinner

Kødd aldri mer med abortloven

Ta kampen for 6-timersdagen

Til kamp for heltidskommunen

Kvinner for fred – mot krig og militarisme

Mangfold er styrke

Ja til flere minoritetskvinner i arbeidslivet

Vold er ikke kjærlighet

Min identitet er min styrke !

Lytt til meg- la meg snakke!

Kvinne! Bryt ikke sammen, bryt ut!

Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som faktisk rammer deg selv!

 

Nettopp det om kvinnedagen i heile tatt bør feirast, at det er eit spørmål, eg kanskje eit av dei største problema....  Eg skal ikkje skriva eller konkludera så mykje meir. Ville berre dela desse tankane og sei takk for ein flott kvinne dag, tog, gode talar, samhold, inspirasjon, og forhåpentlig eit lite steg nærmare likestilling!!!

 

 

Please reload

RECENT POSTS

November 12, 2019

November 12, 2019

November 12, 2019

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

Please reload

My train of thoughts