© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

#Mittrom

March 14, 2019

 

Eg lukkar døra til kvardagen.

Til  NRK P1, til bilar i kø, eldrande foreldre, til min tinderprofil, og til rekningane i skuffa.

 

Og så opnar eg vindauga til fuglekvitter og minne om humlesus, eit lett vindkast, ein horisont langt der borte og rosa skyer. Og til eit rom inni meg der ord kan koma akkurat i den rekkjefølga og det humøret dei sjølv vil.

 

Slik får eg vera gal og fullstendig urealistisk. Eg får reisa jorda rundt på eit flygande teppe. Eg kan trå inn ein draum og kjenna den som pust ned i lungene. Eg kan laga søt musikk. Eg kan mala mørke dalar eller høge tinder. Eg kan ta på supermann kappe eller bøya meg for andre kapper. Eg kan heisa ned skuldrene og opp trua.

 

Og i desse 10 minuttane kvar morgon kan eg kjenna at eg er heldig.

 

Så har eg noko å takka for. Ein rustning når lyden av kvardag litt om litt treng seg inn under sprekken i døra, rekningane byrjar dansa i skuffa, volumet aukar på radioen og alt som skal gjerast okkuperer tankane som ein brutal flystyrt....

 

Så har eg altså ein rustning, noko å gå på, ei knipe sjølvinnsikt.

Please reload

RECENT POSTS

November 12, 2019

November 12, 2019

November 12, 2019

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

Please reload

My train of thoughts