© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Klima i svart/kvitt

March 15, 2019

 

Greenpeace Norge delte ei lenkje og skreiv "Ungdommen som fortsatt ikke har stemmerett, er de som nå drar lasset i klimakampen"

 

Eg tenkte: sjølvsagt er det det. Dei har jo ingenting  å tapa....slik som politikarar gjerne kjenner på at dei har.

 

Så byrja eg tenka på ein låt eg held på å skriva. Den handlar om kor deilig det var å vera 18 år. Men for all del, 15, 10 eller 8 óg...

 

Då eg var 18, då kunne eg redde verda. Eg hadde forferdeleg vondt av dei som ikkje fekk mat og skulegang, og skulle til Afrika å bygga skular.  Eg sang Imagine there is no countries i kor med John Lennon, og eg var så frustrert. Kunne ikkje dei som kriga berre forstå at ingen tener på det, og at kjærleik er eit mykje betre våpen enn hat. Eg visste lite, men heldigvis visste eg ikkje kor lite eg visste. Det var lite streikar i dei tider, men eg var miljøbevisst. Eg laga songar og dikt til moder jord og hadde mareritt om asfalt, bygnings-prosjekt, og olje.

 

Eg såg rett og slett verda i svart og kvitt. Akkurat som Greta Thunberg sa i ein av sine talar til FN førrige år: "You say nothing in life is black or white but that is a lie, a very dangerous lie. Either we prevent a 1.5 degree of warming or we don't. Either we avoid setting off that irreversible chain reaction beyond the human control, or we don't. Either we choose to go on as a civilization or we don't. That is as black or white as it gets.". Ja akkurat slik kjennest det å vera 18. Det var liksom berre "hallooooo kan ikkje alle andre forstå kor enkelt og greitt livet er". Fred, hungersnaud, innvanding; What's the big deal? Om me berre tør å sjå sanninga i augo, så ligg svara faktisk ganske nært....tenkte eg. Ja, eg gjekk mot straumen. Eg stoppa ikkje tankar eller draumar, for enno hadde eg ikkje opplevd å misslykkast. Eg trudde eg ikkje visste kva kjærleik var, men kanskje var det den gong eg faktisk var mest i nettopp kjærleiken.

 

For det skjer noko når ein vippar 20, tek utdanning, og livet plutselig får eit alvorlig ansikt. Det er som om ein må stå ansvarleg for alt ein gjer og seier. Alle val kan ha så store konsekvensar. Ein bør leva opp til forventningar frå skule og jobb og samfunnet. For min del har meg blitt veldig viktig, så viktig at eg stundom gløymer å sjå samanhengen og oss. Verda har fått utrulig mange "shades of grey" som ein seier.

 

Kvar blei det av svart/kvitt?

 

Mange av oss resirkulerer, tek buss til jobb og brukar vårt eige handlenett på butikken om me hugsar det, og er svært nøgd med vår grøne innsats. Applaus til alle som gjer desse tinga. Men likevel så verkar det som om global oppvarming og miljøkrisa må bevisast med statistikk, tal og økonomisk vekst, i internasjonal samanheng, gjennom FN-toppmøte, i følge regelverk, og gudane veit kva....før me let sanninga gå inn på oss tør å ta den store u-svingen. Jo, me støttar ungdommen som er tøffe i tryne og lærer om politikk, men sjølv er me for vaksne og velvitane, og saka er for komplisert. Eller?

 

Er det eigentleg så komplisert? Går det ann å ta på seg ungdoms-brillene og prøva å sjå klimakrisa i svart/kvitt?

 

Me som har så mykje å tapa...kan me våga å tapa likevel?

 

Og Erna Solberg: Ein naiv statsminister hadde neppe blitt statsminister, men no når du faktisk ER statsminister, kan du våga å ve ein smule naiv saman med ungdommen og alle oss andre som ser svart/kvitt? Eg trur at det kanskje hadde gjort saka litt enklare å løysa....

 

Just asking

 

Sjå video frå streiken i Bergen HER

 

 

FANTASTISK OPPMØTE I BERGEN!!!!!!!!!

 

 

 

 

Please reload

RECENT POSTS

November 12, 2019

November 12, 2019

November 12, 2019

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

Please reload

My train of thoughts