© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Sommaren bak glansbiletet

August 9, 2019

Så vart det ikkje hyttevandring i Jotunheimen i år heller. Og ikkje Camping langs sørlandet. Det sto på lista. Heile Juli var ledig og eg skulle på Norgesferie heilt åleine. Men noko kom i vegen. Meg sjølv?

 

Og no sit eg her i ein robåt, midt på Hardangerfjorden, ein klar vindstille tysdag morgon kl 08.00. Sola skin gyllent gjennom eit svakt slør av skyer... Midt oppi denne skvulpande lykka og livet sit eg å kjenner på skuffelse og kjedsomheit. Eg dreg på smilebanda, men muskelen reagerer ikkje. Eg løftar hovudet og ser ut på det vakraste eit auga kan sjå, men det einaste eg ser er det eg ikkje ser bak fjella. Eg vil berre koma meg vekk. 

 

Juli byrja bra. Eg gjekk på fjellturar av god lengde nesten kvar dag. Eg kjende pulsen auka og synka, beina bli sterkare, kaloriane renna av, og sjølvtilliten auka til det dobbelte. Men så kom litt jobb og litt familie, og litt sjukdom og alle dei tomme dagane inni mellom som gjer at me plutseleg vippa 1. august.

 

Ja for der låg eg meg magekatarr å kasta etter pusten medan 30 varmegrader steika utanfor gardina. Heile verda var å bada. Eg høyrde dei nede på stranda, alle 6 billionar. Berre eg låg der og kjende fjelltur-musklande dryppa ut av beina og ned i madrassa. Og den solbrune huden mista si glans. Eg opna instagram og la ut eit bilete av meg sjølv som stupa frå ein robåt på fjorden med #lifeisgood og stor sol. Eit misslykka forsøk på å henta fram litt livsglede i meg sjølv vart heller til skam over å tilføra atter eit glansbilete til ein falsk fasade....... Ja så fant eg meg ein smelta sjokoladebit til, og sank djupare ned i senga.

 

Lillebror Sverre fekk besøk av ei jente. Dei reiste på hyttetur saman. Dei to. Med grillkull og badeklær. Eg og typen kranga. Slo opp om morgonen og vart saman att på kvelden. Kjærleikens kontrast tappa meg for farge kvar dag, og bleika rosehage, solnedgangen, og teltduken.

 

Eg prøvd å la dei gode øyeblikka innimellom halda Instagram-kontoen gåande; bilder frå turar, soloppgang, musikk og sauer. Men det verka liksom berre som ein halv-klein kopi av ein desperat meg. Og min ferie kan uansett ikkje måla seg med det alle andre har opplevd. Alle 6 billionar...verkar det som.

 

Eg har jo trass alt berre:

 

  • Gått på turar i lokalområdet. 5 fjell.

  • Fiska, uten lykke

  • Bada, stupt og svømt

  • Lest bok på stranda

  • Luka ugras i hagen

  • Bygga min eigen skrivepult og dagbok-oppbevaringsboks.

  • Grilla

  • Sova i telt

  • Sova under open himmel

  • Drukke Hardanger-sider på terassen

  • Morgonbad

  • Morgon-rotur

  • Bærplukk


Akkuratt ja. Okay... På tide å venda blikket til den positive sida, kanksje? Til den kortreiste ferien. Til kunsten å godta at ein får i pose men ikkje i sekk, eller omvendt. Til kunsten å la ein dag gå inn ein anna. Til det faktum at alle har gode og vanskelege eller friske eller sjuke dagar, til og med om sommaren. Og at livet er så mykje og så forskjellig at det ikkje er til å samanlikna.

 

Og at når alt kjem til alt so har me berre her og no. Og det er berre eg som kan bestemme korleis eg vil at min ferie skal kjennast akkurat NO. Eller korleis eg skal velja å sjå tilbake på den.

 

Der kunne eg satt punktum. Men ein liten PS høyrer med:

 

For å vera dønn seriøs... Det er eit problem når ein har det vondt og bale og livet kjennes svart når det i realiteten strøymer over av fargar. Som når ein sit midt på fjorden på den vakraste sumardagen og det kjennes som vinter. For livet kan rota seg skikkelig til. Underbevisstheita kan bli altfor smart. Drøymar, mål og meining kan gøyma seg på dei fjernaste plassar.

 

For min del har sommaren vore 3 månadar med gøyme og leite. Gøymd bak lange dagar heime, salt i håret og brun hud, har eg funne styrke og smil eg lenge har sakna... 

 

Step by step

 

 

Please reload

RECENT POSTS

November 12, 2019

November 12, 2019

November 12, 2019

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

Please reload

My train of thoughts