© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon

Sett karakter på dagen?

November 18, 2018

Kvifor set eg karakter på dagen? Kan den i heile tatt målast?

 

Eg veg tilfredsstillelse  opp mot personleg vekst. Eg målar fysiske resultat, kjensle av glede, latter, tårer, smil, og fysisk aktivitet. Eg måler stad og tid. Og mykje meir. Og på den måten får eg plassert dagen ein eller anna stad på skalaen. Tingen er; ein produktiv dag kan vera ein god dag, men den kan også være dårlig. Ein dag i sofaen kan kjennest som frihet og livet, men den kan også kjennast som sløs og depresjon. Emosjonell og mental utvikling kjennes bra. Men om eg ikkje har noko fysisk resultat frå dagen, om eg ikkje har utretta noko; Kva då?

 

Eg gjekk opp trappa til bygarasjen i Bergen, og traska trøtt mot bilen. Det var ein lang dag. Mykje skjedde. Det var bra. Likevel tok eg meg sjølv i å tenkte "Ja ja, det var den dagen". Eg merka at eg tenkte det som om dagen var uviktig, sløs, berre fyll mellom andre dagar. Som om dagen berre var på vent, i kø mot dagane som verkeleg skal telje. Men...kva med latteren, tonane eg har sunge, stega eg har gått, tankar eg har utveksla, hoveverken eg har beseira, og kaffeen som har fylt kropp og sinn... Var det liksom ingenting det då?

 

Eg lytta på eit radio program tidlegare i dag som omhandla hjarta. Der vart det sagt "mental helse er like viktig som fysisk helse". No tenker du gjerne, Eli...det dærr er vel ikkje noko nytt? Nei, det er det ikkje, men prøv då vel? I det eg høyrde det tenkte eg "Ja, no skal berre gi blanke i suksess og resultat og slikt, og berre leva". Eg tenkte det var på tida å ta val for min eigen del, og ikkje for karriæra si del. Eg vil læra å gå. Ta kvart steg og kjenna at eg tek dei. La eit smil på gata vera likestilt med solte CDar, views på Spotify, og låtar skrive. No skal eg våga å setja mi oppdikta to-do liste på pause, og berre gjere det som gjer meg glad littegrann.

 

Og i teorien er det det eg har gjort i dag. Eg hadde ingen tid til "meg sjølv" og musikken. Men så sit eg her då....og rablar ned desse orda, medan ein liten hersens djevel skrik baki hovet at eg må gjera noko nyttig og produktiv. Ikkje sitja der med croissant og gløgg og tru eg kan bli noko.

 

Og det er då eg lurar på.... Kvifor set eg karakter på dagen min?

Kva som skjer i hjernen når dette mattestykket blir laga?

Kvar i evolusjonen vart denne menneske-eigenskapen skapt?

Jo, det er nok mykje nyttig i søket etter gode dagar. Men, det har kanskje godt litt vel lagt. I alle fall når gode dagar blir forveksla med produktive dagar.

 

For då blir søket evig....

Please reload

RECENT POSTS

September 21, 2019

September 15, 2019

September 13, 2019

August 30, 2019

July 10, 2019

June 30, 2019

Please reload