Når tankane smiler
Fredag 08.11.19 Tankane mine smilar, og munnen kan ikkje la være å følja med. Om sola skin ute skin ho ikkje alltid inne. Men det gjer ho i dag. Eg dreg inn frisk haustluft, trakkar i årets fyrste frost. Eg kjenner kinna bli raude av kulde og kroppen varm under ulltøyet. Så lett det er å gå når tankane er lyse. Og så lyst det blir når ein ser i mot lyset som ér, i staden for å jaga etter lysare lys. I dag klappar eg meg sjølv på skuldra og seier bra jobba. I morgon ventar ein