Kvifor skriva?
I det siste har eg tenkt mykje på kvifor eg skriv låtar. Eg trur eg tenkjer på det fordi det til tider er utruleg frustrerande og krevjande. Det er frustrerande fordi låtskriving handlar om å formidla kjensler. Men som du sikkert veit, kjensler er ikkje alltid lett å forstå seg på. Eg har også tenkt på det fordi eg stadig får kommentarar som "Så fint å sjå at du lev drømmelivet". Då spør eg naturleg nok meg sjølv om dette faktisk er drømmen? Kvifor brukar eg dagane mine på å