#Mittrom
Eg lukkar døra til kvardagen. Til NRK P1, til bilar i kø, eldrande foreldre, til min tinderprofil, og til rekningane i skuffa. Og så opnar eg vindauga til fuglekvitter og minne om humlesus, eit lett vindkast, ein horisont langt der borte og rosa skyer. Og til eit rom inni meg der ord kan koma akkurat i den rekkjefølga og det humøret dei sjølv vil. Slik får eg vera gal og fullstendig urealistisk. Eg får reisa jorda rundt på eit flygande teppe. Eg kan trå inn ein draum og kjen