For mannen på fjellet
Tveitakvitingen, 30.03.18
Berre blanke flater og veldig mykje lys. Ein flokk av motiverte sjeler skimtar toppen. Rekke og rad. Tett i tett. Dette var sosialt. Men samstundes så åpe og fritt. Fritt for tankar. Så stilt. Knas av ski og stav i harde slag mot bakken målar augonblikket med tilhørihet. Tilstedeværelse.
Alt heime er borte. I går og i morgon er borte. For mannen på fjellet, kva plagar vel han? Eit gnagsår kanskje. Er kakaoen blitt kald? Men kva gjer vel det når varden står der staut og ventar? Som ein svolten saueflokk, ustoppelege er me. Me er fylde med iver og sjølvtillitt. Me er sterke.
Me er minna om at livet berre er det å vera, og då kan vel ingenting gå galt? Må ein ty til fellene, ta ein pause før siste bakke, tok ein ein omveg? Vel, så gjer ein det då. For når ein berre ér, då går ingenting galt. Då er me alle vinnarar, livet er godt, og brødskiva med brunost smeltar som sjokolade på tunga.


