top of page

GRØN


Den får ein til å kjenna ting ein ikkje kan forklara. Det er skjønnheit som ikkje kan igjenskapast. Det er nuet som gir av seg sjølv, som inspirerar til å leva livet.

Tanken på å kunna leva utan eksisterer ikkje.

Det er naturen. Eg elskar den. Eg vil vera i den heile tida. Eg vil at heile verda skal sjå dens prakt og makt, og forstå at ingenting men alt betyr noko.

Eg har ein liten bakketopp som er min. Eg går der nesten kvar dag, og berre står der litt. Ingen veit at den er der. Dei ser den, men dei veit ikkje at den er heilt spesiell, og at der kan ein få sjelero og åpenbæringar utanom dei vanlege. Eg fryktar at det ein dag kjem ein stor, skummel mann, som heiter Mr.Framtidsretta, og kutter av haugen min med maskin, og set opp ein lekker enebolig. Det har skjedd med andre haugar. Eg har sett det sjølv.

Stundom regnar det tungt, og haustdagane blir lange. Då blir biletet fort grått, og det kan tenkjast at ein lekker enebolig ikkje ville vært så verst likevel. Men det er alle detaljane, detaljane kun naturen kan gje oss. Det er regndropen som sprett opp att nesten før den har truffe vatnet, og dei tusen små ringane. Det er støvelen i sølepytt. Det er frosken som våt prøver få seg heilskinna over veien. Det er fjellet du ikkje ser, men som du veit er der.

Ikkje berre i haustregn, men sommarvarme, advent, vår. Alle dagar er ulike og unike og utrulig altoppslukande, om ein berre vel å sjå.

Det er vel ikkje kun eg som likar detaljar. Me Nordmenn kjempar oss gjennom krunglete vegar i vinter-rush og opp på fjellet. Me overlev slosskamp om kven som eig kva skistav før me halar oss av garde, nokon litt for raskt og nokon litt for sakte. Nokon skal alltid klaga, nokon skal alltid ta bilde, nokon skal alltid få ei treningsøkt ut av turen. Likevel, held me lag opp bakkane til me endelig kan setja oss ned i snøen og kjenner buksa bli våt. Kald og sliten dreg mor fram kvikk-lunsjen.....og freden senkar seg. Den brune, lekkre sjokoladestange liknar ein gullmedalje i frossen, kvit vått. Friskt knas mellom tennene varmar som sommar. Det er desse detaljane. Snøen, fellesskapet, lyset, varmen i kulden..

No trur du kanskje eg er Lars Monsen i kvinneleg format. Kjenner kvar topp, søv aldri inne, et kun mat frå bål, og har full kontroll på ulike typar ski-smørning. Slik skulle eg ynskje at eg var. Men eg er, diverre, ganske normal. Eg har ein jobb, ein heim, planar, draumar, og travle dagar. Eg vil helst kasta alt og berre eksistera. Likevel, gjev eg meg sjølv over til "livet eg har vald".

.

Ein dag kjem eg til å angra på alle dagane eg ikkje sov ute. Men eg håpar eg ikkje angrar på yrkes-valet eg har tatt. Eg spør meg sjølv ofte, kvifor valde eg musikk? Kvifor vart eg ikkje Lars Monsen i kvinneleg format? Svaret har eg ikkje. Men eg har dette. Eg pressar inn små natur-augeblink når eg kan, eg pustar djupt inn frisk bygdeluft, og eg gir ut "miljø-vennleg" vinyl plate. Håpar du vil ta ein kikk på dette prosjektet og sjå om det er noko du kan støtte.

Og eg håpar du kan leggje merke til nokre detaljar!

Grøn kjærleik frå meg -E.

7 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page