top of page

Kvifor er eg her?


Kvifor sit eg her? 25 grader, steikane sol, kyrkjer frå 1600-talet, og brusteinlagde smale gater. Med kaffi, appelsinjus, og saftig krossant som drypp av smør. Jomfrufontena sprutar framfor meg, og gatemusikanten spelar Mozart og Beethoven. Og tengo mucho calor, sjølv om det er nesten November.

Men kvifor sit eg her? Ein relativ kort flytur heimanfrå, men ei heil verd unna. Valencia kan ikkje samanliknast med den våte, mørke, koselige hausten heime i Bergen. Eg elskar Noreg, kvar dag. Men i Valencia, her kan ein eksistera på ein heilt anna måta. Heime er me meir saman åleine. Her er me mindre åleine saman. Uteliv, øl, raude Nederlandske turistar, og avslappa spanjolar. Nokon i shorts og topplaus, andre i mørk varm vinterkåpe. Kontrastar. Kultur.

Men kvifor er eg her? Eg treng pusterom, sa eg. Eg skal møta venner, spela musikk, eg skal jobba, organisera livet, skriva. Åleinetid. Men no sit eg her, ein smule stressa, nei ikkje stresa, berre funderande. Eg hadde så mange plana for korleis eg skulle slappa av at eg veit nesten ikkje kvar eg skal byrja og kvifor eg er her? Spørsmålet er, er det lov å berre eksistera litt? Er det ok? Etter eg no har utstatt jorda for eit CO2 utslipp på same mengde som det 200 bilar brukar på EIT ÅR(leste eg ein gong), skal eg no liksom kunna berre chilla i bikini og slenga på mine falske krøller mens brune glinsande menn plystrar frå sida? Det var kanskje litt overdrive..Men det høres i alle fall deilig ut å berre sitja å lesa skjønnlitteratur i sola, gå frå kafé til kafé, skriva dikt som aldri skal gis ut... Men nei, planen var å jobba: Videoar, blogging, skriving, framtidsplanlegging. Sova frampå? "The best dreams happen when you're alive". står det på veska mi. Ja, i morgon skal det bli soloppgang!

Men no sit eg her - berre meg og viljestyrke. Og viljestyrken har ikkje akkurat blitt styrka med årene.... Skulle eg latt han bli med meg likevel? Han som ba på sine knær om ikkje me kunne dra på ferie samman? "Nææ..eg treng å ve åleina," svara eg, som alltid. Skulle han vå her likevel?

...tankane flyr vekk...plutselig har eg såtte å stirra i lufta ei stund. Eg skulle jo skriva. Ops.

Croissanten er oppeten. Kor mange er det akseptabelt å eta på ein dag? Eg prøver å leva akkurat som spanjolane, og et difor ein croissant per måltid. Er det litt i overkant?? Smør er godt for hjernen ikkje sant? Som olje for hjerne-motoren. Hmm... Kanskje det er grunn nok i seg sjølv, til å ve i Spania. "Eg treng å smøra motoren min". Ja jo, der har med det! Eg er unnskyldt... Hasta luego!

29 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page