top of page

Lærdom frå morgenstunda


Eg studerte sola, raud som ei tomat, hengjande lavt men stigande over vannkanten. Eg myste igjennom kamera-linsa, og fanga gule lysflekkar, seglande måsar, og eit eldre par hånd og hånd; som mørke skyggar framfor den no orange sola.

Medan eg vassa i bøljetoppane som slo opp mot stranda vart sola gul, huden brun, og tankane blanke. Nesten som gjennomsiktige og flytane og nesten ikkje til stede. Eg tenkte ikkje på noko, samstundes på alt. Eg hadde kanskje håpa at svaret på livets store spørsmål skulle skylla inn med bølgene, og låten som skal gjera meg rik skulle blåsa inn i tankane mine med vinden. Men det skjedde ikkje...trudde eg. Men ser eg no tilbake på den eine timen, tilbrakt i stillhet, berre meg og der og då; Kanskje var eg ikkje så langt unna svaret på livets store spørsmål likevel?

Med bare føtter godt festa i bakke, alt som må gjerast framleis sovande heime på hostellet, bekymringar gløymd og framtid kun framtid...

Sola står høgt på himmelen no. Det kryr av liv, bilar, sveitte turistar, og lause tankar. Tankar som verken har ein byrjing eller ende. Alt som skal gjerast er stått opp og tatt form som skrikane alarm inni meg, framtida er skremmande og må planleggast, tida er eit spel og eg er ein silhuett..

Kor blei det av nærveret eg fant den eine timen mellom kl 08 og 09 i dag tidleg? Har eg allereie gløymd det er lærde?

#life #morning #sunrise #soloppgang #tankar #philosophy #filosofi #livet

19 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page