Draumen som drog
Eg arbeider med ei lita dikt-samling. Eg diggar å skriva dikt. Eg har ei oppfattnig av at dikt ikkje må gje meining og ha ein historie på same måte ein låt eller ei skjønnlitterær bok må. Dikt er ord, kjensler, tankar.. lause tråar saman. Her er dagens "depressive" tankespel.
DRAUMEN SOM DROG
Noko drar
Eit hjarta står stille og vil gå
Men realitet og (u)sunn fornuft
Spelar aldri på lag
Lener seg over meg som eit tikkande ur
Held stramt rundt beina som vil springe
Manipulasjon
Inni meg
Eg spring i søvne
Men våknar utslitt
Tom
Og ser draumen gå sin veg
Dagen kjem
Som dagen før
Hjarta prøver å gøyme
Draumen som drog