Fargar du livet?
Eg prøver å farga livet mitt.
Mjuke, klare, inspirerande, ubeskrivelige fargar.
Med eksotiske ekskursjonar til Asia. Med ny, kvit IKEA sofa. Med treningskort på SATS. Med planter i nymala karm. Med blanke, klirrande konter på kontoen. Med Google kalenderen fyld opp med rubrikkar i symmetri. Eg fargar livet med jobb, vener, business møte, vekst og velvære. Med taco-fredag, karneval, stor kaffi kopp og hashtags.
Men fargane blir liksom aldri heilt som eg hadde håpa.
Så går eg ut, ein tidleg vintermorgon. Umåla i fjeset. Grått teppe bak trøtte augo. Og der, i det vaknande mørket vert eg møtt ein klar, blank, djup, knall blå himmel. Så blå at augo nesten ikkje kan ta det inn. Heilt av seg sjølv. Utan filter eller IKEA Layout er den berre heilt perfekt farga.
Er det altså så enkelt å finna farge livet?
