top of page

For guds skuld: #FLØRT


Eg høyrde eit program på radioen forleden dag om flørt. Korleis kan menn flørta etter #metoo, utan å bli tatt for trakassering? Ein ung mann fortalde at han var blitt tipsa om å ikkje halda blikket for lenge.

...? Eg hoppa til, kaffien skvulpa og eg fann fram penn og papir.

Kjære menn,

Blikk! Eg kan hugsa blikk eg møtt fleire år tilbake. Eg kan tenkja på det og kjenna det kriblar ein eller anna stad inni magen, og eg berre må smila. Det er berre det beste som finst; å dela "eit sekund for lenge" med ein anna person. Forbigåande i gata, ein kar på bordet ved sidan av på kafeen, i lesesalen... Det å kjenna at du og ein anna person begge haldt blikket nett litt for lenger i forhald til det som er sosialt forventa, og å vita at den andre personen også veit det. Det er den absolutt beste flørt. Det er ein måte å sei at eg ser deg og du er god nok, heilt uforpliktande.

Og det at det er uforpliktande er vesentleg!

Det skal merkast at eg snakkar ikkje om "du har smekken åpen"-blikket, eller "kvifor går du på krykker"-blikket, eller "kjenner eg deg?"-blikket. Og eg snakkar i alle fall ikkje om å glo. I alle fall ikkje om det ligg ein aldersforskjell på 25+ år i lufta. Nei, av naturlege årsakar oppstår denne magien stort sett med folk på meir eller mindre same alder, dersom ein er ein noko lunde oppegåande med ikkje alt for mykje innabords.

Berre å sjå nokon i augo og la blikket henga litt ekstra lenge. Har du ikkje opplevd det? No words needed, det er deilig magi. Når det skjer med meg kan eg leva på det leeenge. Sei eg er rar, men når alt kjem til alt handlar det vel om å kjenna seg sett og for eit halvt sekund ve noko spesielt for ein annan.

Kjære man som les dette, eg trur du har forstått at du ikkje kjem særleg langt av å, kort sagt, ve ein ekkel slesken drittsekk. MEN for guds skuld: #FLØRT. Bruk blikket. Det er lov. Det er fint. Det er herlig. Det gjer i alle fall meg glad!!

27 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page