top of page

Når tung tåke blir til lett slør


I dag er det opplett inni meg og det er deilig.

Du skjønner, eg ser ikkje at det er oveskya når det er det, eg berre fortår ingenting. Kva er galt med meg? Kvifor er eg så trøtt? Det er tungt å stå, tungt å tenka, vil ikkje gjera noko, vil ikkje ikkje gjera noko. Alt er berre slow motion baklengs. Framtida er liksom vekke. For det er ikkje lys. Eg skal akkurat til å godta at...

...Men så, etter to tre fire fem dagar i tåke og vestavind, plutseleg lettar det. Tåka sig oppover fjella og ligg berre som eit lett slør.... Inni meg.Og slør, det kan håndtera.

Og det er då kjenner eg det. "Herlighet, det var jo berre overskya, fullstendig" No ser eg livet. Eg ser i går, i dag, OG i morgon. Kor lenge det blir opplett det tør eg ikkje tenke på, men i dag skal eg gjera noko fordi akkurat i dag ser eg og vil eg og kan eg.

#humørsvingning #overskyet #livet #tanker

9 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page