top of page

Å lytta til meg sjølv


Det burde ikkje vera så vanskeleg å lytta til meg sjølv. Eg er jo tross alt meg heile tida.

Eg er mine stillferdige sorger.

Mine nattlige frykter.

Eg er skamfulle skuffelsar som ti knivar i hjarta.

Og eg er smilet som hoppar som eit barn barføtt i graset.

Eg er viljen som slår til med ville idear.

Eg er tankane som flyg i fallskjerm og undringa som seglar bortover ein stille våg.

Eg er kjærleiken.

Som klynkande sakn og utilgivelege tårer.

Som heite hender og klamme netter.

Som ukontrollert smil til nokon eg heilt ufrivillig elskar.

Som ein stor kopp kaffi på senga.

Kjærleiken som gøymer seg, er eg. Og kjærleiken som berre må ut i skogen og springa.

Men eg er også hat. Stille.

Og eg er sinne. Ukontrollert.

Gloheit vatn som kokar over og brenn dei rundt meg.

Eg kan ve svak. Og svak for freistingar. Og ein dårleg tapar.

Og ein trufast tener for mine eigne bod. Når tankane mine seier

må, bør, skal,

så seier eg "ja vel".

Det er kanskje der problemet oppstår; det med å lytta.

Når eg seier "ja vel" til tankar som freistar med resultat, gevinst og betre-kjensle.

Då blir det vanskeleg å lytta til meg sjølv.

Og sjølv om eg kjenner meg sjølv så utruleg godt,

så er det som om eg let som eg ikkje høyrer.

Sa du noko, Eli?

Så tek eg enkle, trygge val som sikrar gevinst.

Tankane klappar meg på skuldra og seier "no var du flink" pike

...

I staden for ein ny, kanskje litt lengre, veg

Med litt andre gevinstar

Som

Smil

Latter

Pumpande hjarta

For eksempel.

12 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page