top of page

"Free" as a bird


Det blir sagt at fridom er lykke. Det er målet, draumen, det er ultimatum.

Men er ikkje eigentleg fridom det me er fødd med? Så gir me bort stykke etter stykke i form av forhold, arbeid, born og hobby. "Free as a bird" blir brukt om dei som enno har haldt att på fridommen sin. Og når ein snakkar om dei slår ein gjerne ut med hendene og ser mot himmelen som om...ja, som om er ein nettopp ein fugl som flyr akkurat kva han eller ho vil!

Men...eg lurer på, dersom ein er ein slik fugl som har litt lett for å fly seg bort i tåke og lange utstrakte sletter, og som kan havna i trøbbel no og då. For den fuglen; så hadde det kanskje ikkje vore så dumt med eit bur likevel....

Eit slitt stort og romslig eit, med mjuke fargar, grønsåpelukt og den rette mannen....

14 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page