Men likevel...
Eg prøve ikkje å ve gretten og grå
Prøve ikkje å ve den som skal få fram alt det negative
Med livet. Det er ikkje med vilje at støvet legg seg
At det glinsar i vårsola som treng seg gjennom vindauga.
Så sjølv lyset blir grått. Eg prøver ikkje.
Men likevel....
Akkurat no går den indre rulletrappa litt for raskt
Feil veg, så eg kjem ikkje av flekken
Og flekken blir berre større og større
Tankane går og går og ser berre enden av rulletrappa
aldri koma nærmare
Men likevel....
Eg trur på karma og på meant to be
Eg trur på intensjonar og kjemi
Og eg vil absolutt ikkje tru på alder
Eg trur på grøne tre og mental flyging
Eg trur på Pål sine høner og snekker-bukse.
Men likevel.....
så sit eg berre her
Og har det ikkje heilt greit.
Er du nøgd?
Med livet, meiner eg?
