top of page

Du spør om råd


Du spør om råd. Kryssar alt du har av krysslege legeme i håp om at du skal få det rådet du håpar å få. For du veit jo kva som dreg deg. Du kan kjenna kva som får noko til å hoppa inni deg eller noko anna til å krympa seg. Kva som fyller lungene med lettelse eller legg lokk over utsikten. Men du kan liksom ikkje rettferdiggjera det. Du tør ikkje heilt å tru på intuisjonen, gjer du? Litt for lett, kanskje?

Og jo lengre du grublar og jo fleire gongar du trassar intuisjonen, jo meir rotar kjenslene seg saman til ei tjukk suppe. Det som får hjarta til å hoppa får det plutseleg til å grina og. Det som var ei lettelse har også ei dørstokkmil, no. Og til slutt kan du ikkje skilja magekjensle frå vil og burde.

Så står du der rådlaus og veit verken fram eller tilbake. Då søkjer du råd; frå ei mor, ein far, eller ein ven. Som om eit ytre perspektiv skal kunna ta dine indre val.

Bestemt ramsar du opp problemstillings ord for ord som om du er med i diktkonkurranse. Men akkurat i det dei siste orda slepp taket i leppene dine, så kjenner du plutseleg eit eller anna dytta litt i brystet og eit lite smil samlar seg inni deg. Dei ulike momenta krøllar seg lik som ut av krøllen og legg seg på ei linja, problemstillinga mala seg svart og kvit att, og igjen pratar magekjensla klart og tydeleg. Du veit kva du vil. Men det er for seint. No har du spurd rådgjevaren om råd, og det er ikkje anna å gjera enn å venta på svar og håpa at han eller ho gjev det rette svaret; Det du veit er riktig med som du ikkje tør tru på før nokon anna har sagt det. Plutseleg er rådsøkjinga vorte ein quiz.

Svaret du får er sjølvsagt ikkje det du hadde håpa på. Vel, hadde problemstillinga vore slik at nokon andre kunne løysa ho for deg, så hadde det truleg ikkje vore ein problemstilling.

Bittert og forvirra takkar du for hjelpa. Men med eit nytt perspektiv å ta i betraktning blir du igjen usikker.

Og dette blir repetert, blir det ikkje? Igjen og igjen søkjer du råd og vert stadig leda lengre ut på viddene med stadig meir info i sekken. Den blir tyngre og valet større.

Men medan du går der rådvill, så kan du jo kanskje lura på kvifor du ikkje berre spør deg sjølv om råd i staden....

7 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page