top of page

Kvifor skriva?


I det siste har eg tenkt mykje på kvifor eg skriv låtar. Eg trur eg tenkjer på det fordi det til tider er utruleg frustrerande og krevjande. Det er frustrerande fordi låtskriving handlar om å formidla kjensler. Men som du sikkert veit, kjensler er ikkje alltid lett å forstå seg på.

Eg har også tenkt på det fordi eg stadig får kommentarar som "Så fint å sjå at du lev drømmelivet". Då spør eg naturleg nok meg sjølv om dette faktisk er drømmen? Kvifor brukar eg dagane mine på å (prøva å) skriva låtar?

Eg har ikkje alltid kunna gje eit godt svar på det. «Det har liksom berre blitt sånn...og no er det ein jobb, so då må eg». Men sanninga er vel; eg skriv låtar slik at eg kan notera meg kjensler, slik at eg(og du?) igjen kan besøka dei når eg treng det. Dei låtene som kjennes gode er dei der eg får sakt akkurat det eg ynskjer å sei. Songen kan då leva vidare og bli besøkt igjen og igjen utan å mista si meining Eg vel å tru at dei låtar som eg sjølv kjem tilbake til gong på gong også er dei lytteren kan relatert seg til... eg håpar i alle fall det! Når alt dette er sagt så kan låtskriving vera ein utrulig vanskeleg prosess som nesten handlar like mykje om matematikk og system som kjensler. Men på ein musikalsk og merkeleg måte er det nesten som same sak..... #kjensler

Foto: Bård Gauden

#låtskriving #musikk #hverdagsfilosofi #eligauden #eli #gauden

11 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page