top of page

Når tankane smiler


Fredag 08.11.19

Tankane mine smilar, og munnen kan ikkje la være å følja med.

Om sola skin ute skin ho ikkje alltid inne. Men det gjer ho i dag. Eg dreg inn frisk haustluft, trakkar i årets fyrste frost. Eg kjenner kinna bli raude av kulde og kroppen varm under ulltøyet. Så lett det er å gå når tankane er lyse. Og så lyst det blir når ein ser i mot lyset som ér, i staden for å jaga etter lysare lys. I dag klappar eg meg sjølv på skuldra og seier bra jobba. I morgon ventar ein ny dag og eg må igjen gjera meg fortent til mitt namn og rykte, men akkurat i dag greier eg å la være å tenka på det.

Eg seier god helg og gleder meg til kaffikoppen og eit blankt fredags-ark.

Eg draumer om ein man eg ikkje har møtt. Berre sett på 10 meter avstand. For langt unna til å vita om blikket seier framtid. Men for nært til å unngå å likevel bli dratt inn. Kan hende eg diktar historiar ein gong i blant. Skapar romanse ut av desperat fantasi. Men ikkje i dag. Det var ingen bak meg, ingen framom. Blikket hans gjekk rett på meg. Eg haldt meg fast i meg sjølv så eg ikkje skulle ta av.

No svimlar eg i uvissheit og let tankane nyta den varme lette atmosfæren inni meg.

Ikkje alle fredagar er gode. Ikkje alle har det ei helg er meint for. Familie og vennskap... Jo, eg er glad i åleinehelg; ein får mykje gjort samstundes som ein for tid til å tenka tankar og støvsuga rommet. Men når eg går igjennom byn og ser inn vindauge på familiar med taco middag, så snik det seg inn eit snev av bitter einsemd.

Om berre den mannen kunne banka på døra mi. Eller om berre eg kunne ringja ein ven. Eller om berre eg kunne våga å ikkje arbeida ei helg. Men slike ting er vanskeleg. Heldigvis er tankane lette i dag, og fram til mørke set inn kl 18, skal eg lata meg sjølv fly.

4 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page