top of page

Covid-19 - Eg kan visst ikkje dette...

Eg har ikkje stått på balkongen å klappa.


Eg har ikkje delt eit bilete av meg sjølv med under-tekste "evakuer barna i Moria". Ikkje ein gong har eg delt den der artikkel som konstant okkuperer facebook-veggen min. Eg har ikkje sendt melding til dei eg er glad i og bedt dei ta vare på seg sjølv. Eg har ikkje skrive Facebook-oppdateringar om kor viktig det er at me vaskar henda, held oss inne og ikkje minst tek vare på kvarandre.


Eg har ikkje haldt digital konsert, slik andre artistar gjer. Eg har ikkje delt, støtta, framsnakka og skrytt av dei stakkars sjølvstendig næringsdrivande, som eg sjølv er del av. Eg har ikkje delt min eigen musikk eller i heile tatt prøvd å tenka på korleis eg skal tena pengar.


"Hurra, alt er avlyst; Ei unnskyldning til å stikka fingeren i jorda og gje blaffen i framgang og karriere",

tenkte eg og stakk fingeren i jorda, bokstavleg talt.


Nei, eg er visst ikkje så god på dette Covid-19-greiene.


Får det liksom ikkje til. Får ikkje heilt grei på nye sosiale reglane og den digitale positivismen. Korleis eg skal heia, støtta, visa takksemd og forståing, og samstundes vera redd og forsiktig og kritisk til politikken. Digitalt! Nei, det der eg er rett og slett ikkje god på. Men kven hadde eigentleg trudd at Corona er noko å vera god på?


Det morsomme er; eg er jo i karantene året rundt eg, berre at eg kallar det #frilans. Dette burde eg ta på strak arm. Men kanskje vart konkurransen litt for stor...?



4 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page