Det eine kapittelet

Det er ei eiga kunst det å vera takksam for dei fine tinga som berre er akkurat her akkurat no. Dei som ikkje kom frå nokon stad og som heller ikkje kjem til å verta noko meir. Eit kapittel som ikkje skal ha eit neste kapittel. Ei spenningskurve som ikkje har noko å byggja mot. Ei historie som ikkje skal leda nokon stad. Den skal berre vera.... og så ikkje vera meir.
Det krev tillit til livets vindar, det å klara ta med seg minnene, utan å ta med skuffelsen over at kapittelet ikkje vart til bok. At minnene ikkje vart til livet. At bildene i albumet ikkje skal visast til nokon. Ingen borne-born skal om 50 år peike, le og sei "Er det deko?".
Det er ei kunst å ta lærdom, når det ikkje var lærdom du ville ha. Å takka fint og høflig for kapittelets lekser, når det ikkje var lekser du trong. Du ville ikkje ha meir erfaring, ville ikkje ha meir trening. Du ville meistra denne gongen. Ville finna den eine.
Men så står du likevel att med det eine kapittelet. Det beste du har skreve. Kapittelet med store smil og med uventa vendingar. Med varme vindar og skremmande spenningar. Det kapittelet der du risikerte aller mest, fordi du også hadde den største prisen å vinna... Ein sommar i 2020.
Der to liv møttest i eit kryss dei ikkje hadde sett før. Blei ståande medan Juli blei til August, medan tomme hol blei fyld med ro-turar og bålpanne, med tur-sekkar og spørjande blikk. Medan lykka kvitra vagt, som ein fugl i eit tre dei ikkje kunne sjå. Medan tankar blei kasta fram og tilbake i ei dans dei ikkje heilt kunne stega til. I eit lite kryss trakka dei utålmodig fram og attende, inn og ut av kvarandre sine tankar og prøvde halda balansen.
Men alle kapittel har ei ende og alle sommarar lengtar mot ein haust. Alle sjeler lener mot sin eigen draum...
Og slik vart krysset ståande att åleine. Krysset med det grøne graset som no er trakka ned og blitt til lys brun gjørme. Krysset med det eine fine kapittelet.
To liv banar veg vidare - vidare mot kvar si kløvereng.
