top of page

Det er du som held meg oppe

Eg har lyst å skriva litt norsk. Eg er liksom berre 99.9% meg sjølv når eg skriv engelsk. Om du skjønar.


Så med ord eg kan og forstår og ofte bruker feil med vilje, vil eg sei noko til deg som føl med på det eg gjer, lyttar til musikken og finn glede i det:


Tusen takk!!


Det betyr utruleg mykje. Som rykte seier kan musikken-karriere vera ein tung veg å gå. Personleg synest eg dey tyngste er alt som kjem i tillegg til musikken. Det å få musikken høyrd, skapa ei merke-vara, og bruka sosiale media på ein genuin, enkel, og produktiv måte. Eg går meg ofra vill i leitinga etter «den digitale meg».


Heldigvis har eg bloggen min.


Her. Her er eg berre meg og prøver verken å skaffa meg følgarar eller å bruka flotte ord og intelligente formuleringar.


Og så har eg dei gode lange morgonane, ein gong i blandet, der ord får flyta fritt og eg får kjenner på at eg har noko å sei.


Og enda sjeldnere, dei stundene der ein melodi og ei setning dett ned i hovudet mitt og berre klaffar 100%, og ein ny song er starta...


Og sjeldnast(no for tida) når eg står på scena og blir minna på kvifor eg gjer nettopp dette. Då er musikken of frilans-livet ein leik!


Og så har eg dykk. Dykk som bakkar meg opp med fine tilbakemeldingar og ved å dela musikken min med dine vener. Det høyres ut som ein klisjé er det, men det er faktisk det som held meg gåande.


Og når alt dette er sagt, legg eg ein link til lin siste låt her... som premie til deg som greide å lesa heil til siste ord. Hehe :) ha ein god kveld.


https://open.spotify.com/track/4n8PQMnJPw9TgN17u1B6KM?si=8RgTcuWlSVi36CXzXNykCA



12 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page