Du er ikkje SÅ sjuk altså

Alle som har hatt ein sjukdom som ikkje synest veit kva eg snakkar om. Alle som har vore sjukemeld forstår det. Altså, ganske mange!


Og likevel;


Og likevel er ikkje dette temaet ferdig-snakka. Likevel skal ein kjenna på skammen. Skal ein måtta leita etter forklaringar.


Bomba sprakk nokre dagar sidan. Eg stod på hotell-rommet i Oslo i telefon med ein hyggelig mann. Eg fortalde han at eg må avlysa konserten min neste helg grunna sjukdom/sjukemelding. Eg lova eg skulle leita etter ein artist som kan ta scena i staden for meg. Men eg måtte sjå på det neste morgon, for no skulle eg på festival, sa eg. Og då kom det:


"å ja, du er ikkje SÅ sjuk altså"

Ein skarp, lang kniv langt inn i sjela. Eg beit tennene saman og mhm'a meg igjennom resten av samtalen, med tårer nedover den festival-klare sminken, før eg endeleg kunne slenga på røyret og hamra knyttneven i veggen.


Mannen som sa dette er ein snill mann som ikkje meinar noko vondt. Og poenget er ikkje han, men det at det skal vera så vanskeleg å snakka om sjukdom og at det samstundes skal vera naudsynt å måtta forklara seg heile tida. Forklaring kan vera greit det, men orda vært så difuse og den sjuke vært lett plassert i ein depresjons-boks eller angst-boks eller uføre-boks osv. Og oppi alt dette vert det så lett for å såra nokon, slik denne mannen ufrivillig såra meg.

"du er ikkje SÅ sjuk altså"

Orda har surra i hovudet mitt i to dagar. På ein måta har han rett, eg er ikkje sjuk... for sjuk er nemleg heilt feil ord. Eg verken kjenner meg sjuk eller identifiserer meg som ein tilstand/diagnose. Jo visst er eg sjuk når eg litt til sengs med hoveverk...men for meg er det berre symptoma (trur eg), ikkje årsaka. Livet er slik akkurat no, at eg kan gjera A men ikkje B, C men ikkje D osv. Men eg skal ikkje utdjupa. Du som les dette veit at det ikkje er naudsynt men detaljert forklaring. Du veit at somme av oss, av ein eller anna grunn, kan vera for sjuke til å gå på kino med venner men likevel kan på joggetur neste morgon. Ein kan vera for sjuk til å gå på jobb men likevel reise til byen på cafe. Eller kanskje tvert i mot.


Så korleis skal den "friske" respondera?


Personleg har eg ikkje problem med å snakka om kva eg går igjennom. Med det skal seiast at når ein har ein litt difus "sjukdom" så har ein truleg Googla seg gal på lange vakne netter og er overinformert om symptom på alt frå hjerneslag til hjartestans... Det har i alle fall eg. Så ein treng nok ikkje informasjon, men heller inspirasjon. Korleis kjem det? Igjennom forståelse, dine historiar, samtalar der du ikkje stilleg noko til veggs men heller ser og lyttar... kanskje?


Av og til til tenkjer eg på kor enkelt det hadde vore om me heller hadde brukke foten heile gjengen.

Godt der med gips frå tå til hofte. Ja DÅ hadde me vore sjuke då. For ein kan liksom ikkje gipsa sjela eller kjenslene. Og akkurat den byrden som ligg i å kjenna seg sjuk med sjå frisk ut, den gjer det heile så mykje tyngre å handtera.


Det finnest situasjonar der "så sjuk er du ikkje altså" kan passa. Kanskje sonen din vert heime frå skulen fordi han har feber, men så hoppa han trampoline i 4 timar i staden. Ja då er han kanskje ikkjesjuk. Eller, skulle du no finna på å jogga til Fløyen med gips på foten...Ja, då er kanskje ikkje fotenbrukket.


Men det er trass alt ikkje "kjempe kult" å få lønn frå NAV(sjølv om me kan takka Gud, eller Staten, for at den løysing finnest). Dermed, om ein faktisk er sjukemeld så er det nok ikkje utan grunn!


Simple as that!

Som ein liten PS: Eg deler mine tankar kring dette fordi eg treng å synast synd på. Det er ikkje synd på meg på den måten at eg har eit vondt liv, det er berre ting eg må koma meg igjennom, læra om meg sjølv, og løysingar EG må finna for MIN kropp. Det er ikkje alt som kan lærast av andre sin feil.


Ok, ønsk meg god tur, for no skal eg ut på joggetur og nyta å vera sjukemeld;)


(Bilete teke av fotograd Denisa Jancovicova... Link til hennar profil her! )



D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

 

 

© 2016 Eli Gauden 

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon
  • Black YouTube Icon
  • Black Spotify Icon
  • Black iTunes Icon
  • Black SoundCloud Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Flickr Icon