top of page

Eg kallar det jule-undring




Jule-ro? Juleundring kallar eg det.


Når blåtimen går over i mørke. Når lukta av tenkt fyrstikke, varm sofa, pepperkake dyppa i kaffe, og julemagasin stabla på bordet, blandar seg med Sissel Kyrkjebø si stemme. Eg glor ut på julelysa på enebærbusken utafor som vert sterkare og sterkare som kvelden vert mørkare og mørkare. Jo visst er det ro i huset, men inni meg undrast det. Ei bøn eg ikkje har ord for sendes opp mot noko eg ikkje kan sjå, og eg byrjar venta på svaret.


Eg ser mot den største stjerna på himmelen og gløymer naturfags-timen på gymnaset den gongen me lærde om Neptun, planeten som ser ut som ei stjerne. I kveld kallar eg ho Betlehems-stjerna. Ikkje fordi namnet betyr så mykje, men historia og det lyset som nokon gjekk mot. Kan hende alt er oppspinn, men historia er god. Går me ikkje alle på leit etter eit eller anna lys? Noko som kan gje oss svaret på det spørsmålet me ikkje veit at me har? Det endelege.


Eller U-endelege?


Det er sjølvsagt ikkje eit konkret lys eg leitar etter, men...ja, ein stad kanskje. Ein stad der eg kan leva i harmoni med meg sjølv og andre. Om så er, burde vegen lagast av noko slik som godheit, openheit, barmhjertigheit, og kjærleik. Men utan handling vert orda tomme og meiningslause. (Kjærleik burde vel streng tatt koma under kategorien Verb, sånn for sikkerheits skuld.) Men kva med familietid, smil, klem, bakst, venne-kveldar, heimalaga julepresangar, åpne dørar, fellesturar....er det det som er vegen? Og kva finn eg når eg når fram til dette lyset? Sjelero? Sanning? Meining? Hus, mann og barn?


Jula kjennes litt slik, som å lengta etter noko eg ikkje veit kva er.


Det er eigentleg utruleg spanande. Kvar advent kryssar eg fingrane og tel dagar. Kjem svaret i år?Alt det tomme der oppe på himmelen minnar meg om alt som finnest, alt som er, og alt eg ikkje har. Eg kjenner meg takksam, samstundes så liten og så trist.


Det er som eg vert fyld meg ein slags kjærleik som er så langt inni meg at eg lengtar etter den, sjølv om den er der.


På stolen ligg julekjolen og glitrar. Strøken og fin? Nei ikkje søren om eg driv med slikt. Men strømpissen er nykjøpt på Cubus. Med hold-in i livet. Kvifor eg utset meg sjølv for dette år etter år, er ei undring i seg sjølv. Eg dreg den på sakte og forsiktig, og greier om litt få vippa den over stumpen. Sissel trallar på cd-spelaren medan eg dreg kjolen lett over hovudet og kjenner det mjuke varme stoffet kosa med sjela. Eg kostar håret, malar ansiktet og høyrer jule-stillheita legga seg som eit teppe medan blåtimen utanfor nærmar seg med stormskritt ......Og no skulle han stått der, mannen i mitt liv. Han skulle forsiktig festa gull-kjede rundt halsen min med varme mjuke hender. Så skulle han sjå på meg og sei "så vakker du er". Så skulle eg vært lykkelegast i heile verden.


"Så vakker du er" seier eg til refleksjonen av mitt eige skeive smil. Det får liksom ikkje same effekten når det kjem frå meg sjølv. Men det var då ikkje løgn heller. Julekjolen er heilt ok i år og.


Eg tusslar ned trappa til den kalde gangen. Lett prat jomar frå stova og lukta av kålrot-stappe sig under døra. Eit siste blikk i spegelen, berre for å trippelsjekka at det ikkje uttrykk for verken tårer eller skarpe ord, ikkje i dag. Eg vart ein gong fortald av ein besøkjande ven at me har 11 elefantar i opphalds-rommet(stova). Ei konkret skildring av vinduskarmane som mammo har pynta med Elefantar i all slags fargar og størrelsar. Det var ei morsom observering den gong, men akkurat i kveld kan elefantane halda seg langt unna. Dess meir merksemd eg gir elefanten, dess meir veks den. Og sant skal seiast, elefanten eg plagast med, er ikkje sjeldan mi eiga redsel for elefanten. Eg trekk pusten djupt og ber fint om ikkje elefanten kan halda seg i gangen ei stund:


"Ja, stå der å hald utkikk etter julenissen du".


Så entrar eg den grøne glitrande julestova, smilande og passe avslappa, men kanskje ein smule trippande på tå. Men det er det ingen som ser inni dei høge helane. Det er mykje ingen treng sjå ein slik kveld.


Det kom ein vond kommentar under middagen, trass kor godt den smaka. Medan dei andre sit der å klappar i hendene for den fantaaaastiske pinnekjøttet og ler av tørre vitsar, pressar tårene bak sminken og ein klump i halsen veks seg stor. I det dei andre ser min veg får eg hiksa ut "kålrabistappe i pusterøyret", og spring ut på tilfluktsrommet(kjøkkenet).


Dei gjekk fem på dette året og.


Klokka er vippa midnatt og det er leggetid for ei dame som har haldt magen inne og humøret i sjakk i 6 timar rundt eit stovebord. Dei store vindauget på soverommet er vendt slik at månen kikkar inn og lagar skarpe skuggar akkurat rundt midnatt. Eg dreg kjolen over hovudet og sleng den ufint over stolryggen. Og endelig får hold-in strømpebuka ta kvelden den og. Eg vippar ho over rumpa, dreg ned, og let dei hårete, kvite leggane møta natta.


Der står eg i mitt nykjøpte, mathcende blonde-undertøy og flørtar leikent med månen.


Akkurat når det kjem til bekledning og velvære, så er det lite som er viktigare enn å ha det rette undertøyet. I alle fall på ein slik høgtidleg dag som denne gjeld det å ha undertøy som inspirerar til ein god kveld. Ikkje berre gir det meg ein hemmelegheit å halda på (altså kor vakker eg er under kjolen), men tenk om plutselig han der då, han der mannen i mitt liv. Står å banka på døra og treng nokon å dela seng med på julafta. Ja, då gjeld det å vera forberedt. Ikkje så forberedt at eg har gidda å barbera legger eller re senga, men undertøyet, det er på plass.


Atter ei julafta er over og eg undrast. Eg, saman med julenatta, undertøyet, måneskinnet, og den der neptun-planeten som i dag heiter Betlehems-stjerna."


"Det er med hjarta du skal sjå"


les prinsesse Martha Louise på min favoritt-jule cd. Og det tenkjer eg på kvar god eg lenar nasa mot det kalde vindauge og ser ut på mørket. Det er med hjarta du skal sjå...Men det er ikkje berre når eg ser ut på mørke eg burde hugsa på det. Men når eg sit i stova og julekvelden vert heitare og heitare og familien som ikkje er anna enn god likevel stikk meg som små irriterande barnåler... Er det ikkje då det er med hjarta eg må sjå...? Og korleis eg får det til, det undrar eg på i ei melankolsk jule-undring.


Så,


Medan andre prøver å la juleroen senka seg, let eg lengsla stå ved vindauga å glo. Eg har ein viss aning om at alle dei svara eg leiter etter truleg ikkje er så langt unna som det stundom kjennest som.


Men jule-undringa, den vil likevel alltid vera ei undring lang lang borte veldig nært.



20 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page