top of page

Ei introduksjon til rosa skyer


Du merkar ikkje at du har såtte på ei rosa sky før den plutseleg går i oppløysing og du fell ned.

"Forelska? Eg? Nei langt i frå. At eg smilar?Ja det kan vera, men eg er vel berre glad då..."

...sa du.

Men no ligg du der på bakken, flat som ei pannekake etter det bråe fallet frå den rosa skya. Forfjamsa snur du på nakken og oppdagar at livet rundt deg har fått eit svakt tåke-lignande blå-skjær. Du ser opp. Sola på himmelen er over-ivrig og irriterande positiv. Ho glinsar i graset etter nattas fugt. Ho varmar huda. Gjer den bleike huda di gyllenbrun. Men du, du ser berre den skjerande flekken på himmelen som kallar for eiketre med skygge og bluesgitar.

At du ikkje såg det, då du sat der på skya å dingla med beina. Der du såg ned på ei verd som glinsa lyserosa, og opp på ein himmel så blå og uendeleg, så fri for hindring.

At ikkje du såg kor tynt det rosa skylaget eigentleg var og dermed trakka litt varsommare. At du i heile tatt lot det skje At du, med slik bein i nasa og høgare utdanning, at du kunne la deg tru at livet kan vera så lett. Ja, akkurat som du heng frå deg jakka når du går inn ei dør, slik steig du opp på skya og hang frå deg mål og mæle, klokskap, og ikkje minst di eiga evne til å fargeleggja dagen den fargen du sjølv vil. For trong du verkeleg nokon andre til å fargeleggja livet rosa for deg?

Sjølvstendige deg..?

Nei klart ikkje. Men klandr ikkje deg sjølv du. Den rosa skya kjem frå same produksjons-selskap som eplet til den onde stemora til Snehvit. Berre éin bit av eplet .... Og berre éit steg på skya, så har ho deg i si hule hand. Ho sullar deg inn i glade tonar. Badar deg i sjølvtillit. Tek tyngda ut av beina dine. Legg skydottar framfor framtidige hindringar og snur hovudet ditt den andre vegen.

Når alt vert rosa, vil noko då sjå rosa ut? Når kontrastane manglar. Når du sit på ei sky du ikkje kan sjå utanifrå...korleis kan du då vita at det er ei sky?

Nei du kan vel ikkje det. Ikkje før du er landa godt og hardt på bakken att. Litt vondt vil det nok gjera i det du landar. Men berre vent, så skal du sjå det kjem ein regn-skur med lærdom på kjøpet!

39 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page