Firkløver

Eg fann ein firkløver. Liten og bleik. Tynn og strittande.
På høg, ustelt plen blant grasstrå og anna kløver som berre hadde tre små. Blada var holete frå eit nådelaust snegleangrep. Litt skeive var den også.
Graset var framleis doggvått frå natta. Sola varma landet svakt frå bak eit tynt slør. Morgonen var lik dei fleste andre sommar-morgonar, og eg forventa ingenting anna enn det vanlege humlesuset frå blomsterbedet og måseskriket frå strandlinja. Men stunda hadde andre planar for meg. Denne dagen, då eg tråkka raskt over graset på veg for å henta egg til frukosten, då var den der; Lykka eg hadde venta på.
Eg visste ho var rett bak hjørnet. For eg hadde bestemt meg; Hadde teikna ynskja mine på papir. Hadde skrive ord i ei tankeboble. Hadde snakka høgt. Hadde sakt
"Firkløver, eg skal finna deg".
Ja, så mykje hadde eg trudd på han(firkløveren min) at han la seg heilt fremst i bevisstheita mi og sakte men sikkert sklei ut i armar, bein og augo. Eg byrja leita. Nesten utan at eg sjølv merka det observerte augo bakken, og gav signal kvar gong eit kløver-dekka område spreidde seg under beina mine.
Eg visste ikkje kvar eller korleis firkløveren skulle koma til meg - ei uro eg hadde vald å la gå. Ei tvil som høyrde til fortida. Eit uvisst elementet som denne dagen ville visa var sjølve nøkkelen til lykka. For slik gjekk det altså til at det var der, utfor hønsehuset kl 07 ein våt sommar-morgon at firkløveren kom til meg.
Utanom dei 4 blada var den ein heilt alminneleg kløver, godt prega av livet på den travle sommar-plenen. Eg plukka den, strauk den lett på blada og tenkte
"Klart det var deg eg skulle finna. Det var slik du skulle sjå ut".