top of page

SKOGEN


Når du endeleg legg frå deg alt du både vil, bør og skal (inkludert stressmeistringsboka) og går ein tur opp i skogen;


Klemmer eit tre, tel dråpane i bekken og slår av ein prat med ein forvirra fugl som trur det er vår, så er det plutseleg ikkje så nøye med alt det der du ville, burde eller skulle, likevel.


Eg trur me alle har vore i ein situasjon der naturen er så vakker at den nesten bokstavleg talt slår oss i bakken og gjer oss mållaus. Ein stille sommar-morgon, ein dyster tåke-dal, lette snøfnugg, regndråpar som lagar ringar i sjøen... Me finn fram pen og papir og berre må få sett ord på denne fantastiske magien me har oppdaga. Me prøver oss med dikt, songar, blogg, og Instagram innlegg. Men orda når liksom ikkje til.


Korleis forklarar ein noko så ekte, naturleg og umåteleg vakkert?


Eg trur at behovet vårt, eller mitt, (for å ikkje snakka for andre enn meg sjølv). Behovet mitt for å setja ord på akkurat dette er, i tillegg til det å generelt uttrykka meg, eit ynskje om å verta ein del av det. Når Furua står der, rett opp og ned, dag inn og dag ut, gjer verken til eller frå, berre er, og likevel er ho så vakker.... Kvifor kan ikkje eg? Kan ikkje eg få berre stå der rett opp og ned og vera 100% god nok? Når morgon-sola let meg bada i ein gyllen glans ein tidleg morgon åleine på stranda, trass gårsdagens sminke, soveposar under augo, rufsete hår, sjokoladen eg ikkje burde ete, og e-mailane eg ikkje har svart på....


Kan eg ikkje berre bli der? Alltid?


Kanskje gløymer me at me faktisk er ein del av naturen, og kanskje er det nettopp difor lengsla mot det naturlege er så sterk?


Me lev siviliserte liv og det kan til og med eg innrømma at ikkje kjem til å endra seg, sjølv om tre-hytte draumen står sterkt. Men også som del av samfunnet trur eg at me kan verta flinkare å kjenna på naturen si tilstedeværelse og perfekt-heit.


For så å la det smitta over og inn i kvardagen.


Litt fleire turar i skogen, litt fleire samtalar med den gamle eika som trass alt har stått der nokon år og fått med seg det eine og det andre, og litt meir gjørmete joggesko.


Så når du då traskar inn på kontoret, sit time inn og ut bak kassen på Spar, les sakspapir, eller sit i foreldremøte ...så veit du kvar du kjem ifrå.


Og når du kjenner på å ikkje vera god nok, så veit du kvar du skal gå for å bli påminna om at DET ER DU.


27 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page