U-plastra
Når du dreg av plasteret på den andre
Men står att u-plastra sjølv
Når det å laga riper i ein annan si sjel
Lagar opne sår i di eiga
Når du takkar for det som faktisk var
Men han snur ryggen til
Når du berre ville det beste for begge
Men så får begge det verst
Når du trudde at no var det endeleg over
Men så var det no det starta
Når du endeleg skulle fly som ein fri fugl i Bergens gater...
Så har fuglen fått lenker av skuld, blødande sår,
Sit åleine i ein kald hybel
- Og dessutan har ho ikkje venger
Og nedi gata står han
Med ein sigg i munnen
og pratar drit med kollegane
og glor på ryper som leikent trippar forbi
Den ørnen
