top of page

Eit usagt nyttårsønsket


Eg ser mot nye minutt, nye dagar, og nye uvissheitar. Nye nyttårs-ynskje og nye nyttårsforsett.

Som regel ser dagboka mi slik ut den 31.12: Ein teikning av ein rakett, store doble bokstavar i ulike fargar som seier NYTTÅRSYNSKJE. Og deretter "I det nye året ynskjer eg at eg skal slutta å bita negler, fred på jord, og få kjæraste". Slik har det sett ut dei siste 20 åra.

Men i år berre gruer eg meg. Eg tel timar. 16 timar til klokka slår 12 og den store mørke sanninga om skuffelsar skal deisa meg i bakken med eit smell. I år vil eg ikkje lengre telja år og telja ynskjer, for kva har eg nokon fått ut av det? Dess fleire ynskjer, mål og draumar, dess størra vert skuffelsen og byrda av å ikkje strekka til.

Og mine draumar er store. Dei er fargerika, sprelske, frie og svevande.

Men livet mitt er ein mann med stokk i tungvått regn. Kontrast. Så i år skriv eg ikkje ned noko. Eg skal berre knipa att hjarta, så det ikkje ser moglegheita for å ynskja, og deretter vassa inn i det nye året på same måte som eg vassa ut av det gamle. Med eit fotoshoppa Instagram hurra-bilde og tomme tankar.

Men dersom draumar kan bli til liv og forandring kan skje, om eg skal tillata meg sjølv å tankja pittelitt på det. Ikkje for mykje, men nett eit lite glimt av varme sommardagar. Kva ynskjer eg då? ...Om ståa var slik,då ville dagbok sida i sett slik ut:

I 2019 ynskjer eg

  • Å tenka heile tankar

  • Å vera den eg er

  • Å lever det livet eg ynskjer å leva

  • Ikkje fylja andres retningslinjer, men mine eigne mål og visjonar.

  • Å elska han eg prøver å elska

  • Å eiga meg sjølv fullt og heilt

  • Å forlata alt. Berre meg. Vera.

Litt meir konkret

  • Å reisa

  • Å skriva. Å skapa. Å dokumentera.

  • Å få spela musikk IKKJE åleine

  • Å le. Saman.

  • Naturen og meg. Saman.

  • Å bruka Instagram for inspirasjon heller enn bekreftelse på mitt misserable liv

  • Å elska å svara på meldingar og epostar

  • Betala rekningar med stoltheit

  • Å snu "eg må" til "ja eg berre må, kan ikkje venta"

Det høyres litt stort og 50 års-krisete ut, men eg ynskjer å ha eit liv som ikkje ventar, men som er slik at om eg skulle brått forlata verda, så vil eg likevel kjenna at eg har levd. Eg kjenner meg som vakker og sprudlande regnbue, som er gøymd bak svære mørke fjell og skogar. Pressa ned i sørpa av min eigen redsel for å misslykkast.

Eg har framleis dei 16 timane, 16 timar til å finna ein grunn til å skriva nyttårsynskje, til å finna ei retning for meg sjølv. Eg treng ikkje å oppnå lykke i det klokka slår 2019, men om berre eg kan finna ei retning som går ann å gå. Der eg ikkje treng krypa med krum rygg og tunge støvlar. Ein veg som steg for steg vil leda from mot MEG.... Kan eg finna det?

Kan eg gå ut å møta folk utan redselen for at dei skal vera så frimodig å spørja korleis eg har det? Kan eg gå ut blant folk utan å vera redd for at smile-muskelen sluttar å virke?

2019?

https://www.instagram.com/photobanas/

Photo: PHOTOBANAS

154 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page