top of page

Hol i hjarta




Går atter eit kappittel mot slutten?


Har kapittelet "Sjukehus opphald" nådd toppen av kurva, pressa ut alt som var av spenning og frykt, slik at ho no kan runda av og flata ut? Slik ei skarp tind lenar seg over ei lita bygd og skapar skyggar for mørke handlingar på fullmånenetter, for så å saman med morgonsola skli ned åsen og bli til mjuke, avrunda dalsider der revebjelle kan strutta og sauen kan breka. Skal kappitellet leggja seg til ro nedi dalsida no?

Dette kapittelet var verken vondt eller godt. Det var berre livet. Kanskje hadde det ei kjensle av byrjing og kanskje ei kjensle av slutt. Men dersom det er ein slutt, så er det berre ein slik slutt som opnar for ei fortsetjing. Ein dal som glir over ein ås, rundt eit nes, over eit gjerde og inn ei ein ny dal. Ein del av livet som måtte til for at resten skulle for koma.....

PFO kallar dei det. Lukking av hjarte-klaff. Lettast forklart som "Hol i hjarta." Eg likar å kalla det hol i hjarta, for det høyres så dramatisk ut. Då vert andre meir bekymra enn meg, slik at eg sjølv på sjølv-manipulert vis kan vera den rolege.

Ein operasjon på hjarta gjev ein ei sjanse til å få balansera på den tynne lina mellom livet og døden, ei lita stund.


I min situasjon var lina stødig og balansen var i balanse. Eg kunne avslappa sjå ned på begge sider av lina og velja å vita at eg skulle enda opp den sida eg kom i frå. Legane var dyktige. Dei peika på ein skjerm og forklara presist prosessen medan dei pressa paraplyen opp lysken og inn i hjarta. Dr.Tom smilte konsentrert. Han hadde eit trygt blikk og stødige hender og formidla at alt var under kontroll.

Om det var vondt? Å få ein paraply i hjarta? (paraply = ei lita plate som held ventre og høgre hjarte-del saman)

Nei, det var ikkje vondt og ikkje var eg så redd heller. Likevel, akkurat i det eg eg kjende paraplyen gå inn i hjarta, så vart det utløyst eit hav av kjensler og ei flodbølge av tårer.


Eg var forvirra. Kva var det som skjedde? Kom dei borti kjærleikens hjarterom? Traff dei på sorga mi? Stakk dei hol i frykta? Fekk dei opna døra til det innerste rommet der ingen kjem inn? Det med dei kjenslene som eg berre anar men aldri ser...

Det kunne verka slik. Slik ein kan ana at torden er på veg når himmelen er blå, slik kunne eg ana at noko gjekk føre seg i hjarta mitt utan at eg kunne kjenna det.

Tårene trilla.

Eg såg for meg ansiktet til Randi. Det lyse engle-håret og opne smilte. Skulle ynskja det var ho som låg her. Eg skulle gjort alt for å byta, tenkte eg. Men sist gong eg såg ho låg ho livlaus i ei kiste. Med nybørsta hår, gul blomsterkjole og kald hud. Som snehvit låg ho der ventande. Den sterke vår-sola prøvde å pressa stråler inn igjennom dei farga glasa i den mørke kyrkja...men kyrkja forblei like mørk og hjarte-operasjonen kom for seint. No er ho berre ein varm tanke som vrimlar rundt meg og fyller mine mørke hol med lys. No er ho berre jord. Saman med tårer let eg bitterheita gli over i takksemd. At ho aldri fekk sin operasjon betyr vel ikkje at eg ikkje fortener min operasjon?

Så såg eg han. Ansiktet til han eg ikkje kan sei namnet til høgt.


Han eg vart så glad i så alt for fort. Han som gir næring til saknet mitt. Han som fylde kjærleik i eit hol eg ikkje visste var der, for så å leggja holet tomt bak seg. Eg vendte hovudet mot venstre og såg bort på den tomme stolen i hjørna. Eit lite sekund lot eg meg sjølv sjå hans kropp i stolen, hans støttande blikk mot mitt... "Merkar dei at pulsen min stig", lurte eg, medan varmen fylde meg som eit deilig støt.

Men kvifor... Eg, som greier meg så utruleg godt åleine, kvifor skal eg ha slik eit behov for ei hand? Eg som kan både hogga ved, klyppa gras, bera steinar, grava i jorda, laga bål, og få paraply satt inn i hjarta... Kvifor skal eg trengja han? Var det eigentleg han eg lengta etter, eller var det berre det å ha nokon å dela dei store hendingane i livet med?

Eg har jo dei heime...

Dei heime var minst like nervøse som meg. Dei gjekk å trippar og venta på å få melding om at alt er vel. Dei er så glad i meg at dei faktisk er redd for meg. Dei gret med meg sjølv når eg ikkje veit det. Dei ynskjer at eg skal leva like mykje som eg ynskjer det.

Tårer av takksemd fossa ut, paraplyen vart stramma til, og noko eg eigentleg ikkje kunne kjenna pressa i brystet. Legane knytte eit sting på såret og tørka vekk blod medan eg tørka vekk tårer.

"Går det bra med deg?"

Eg ville svara men det kom ikkje anna enn hikst og mumling. Jo visst gjekk det bra. Nye elvar rann likevel ut ned på det kvite lakenet, og før eg fekk sukk for meg var Dr. Tom og dei andre borte.

Og no ligg eg her på Post 4 i 6.etasje. Eg har eiga seng ved vindauga, reine klede, kaffi og marinert kyllinglår(av alle ting).


Tårene renn framleis. Det er noko med sjukehus. Det er som om alt av frykt, frustrasjon og takksamd møtest og vert sluppe laus i eit og same rom. Litt som om alle dyra i dyreparken i Kristiansand skulle få koma saman i same garde. Kroppen klarar ikkje organisera dei, å forstå dei, å rasjonalisera dei, eller å roa dei ned. Alt ein kjenner på kjem ut på ei og same tid og lagar eit helsikens rot.

"Kvifor grin du?" spurde sjukesøster Iris. Eg hadde ingen svar. Det hadde ikkje dama ved sidan av meg heller. Eg fekk stabra meg bort til ho, delt ei rute firkløver og felt ei tåre i fellesskap.

Rusen dei gav meg byrjar å gli ut no, og er blitt bytta ut med ein deilig rus av kaffi. Hjarta mitt hamrar som det skal, føtene kan gå, og eg har fått sendt melding til alle dei heime og fått mengder med hjarter attende.

Sjølv om eg ikkje veit om kapittelet heilt sikkert har nådd sitt høgdepunkt, så vel eg å tru at det har det. For no gleder eg meg til å skli ned dalsida til dei flate markene og lyse, lange dagane.



Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page