top of page

Sjalu?



Det ikkje noko ein skal sei høgt, men eg seier det likevel: Eg er sjalu.

Eg har blitt spurd fleire gongar: "Er du ein sjalu type?" Det er gjerne ein mann som prøver å vurdera om eg kan kvalifiserast som kona, som spør. "Njein, eg trur ikkje det..." svarar eg naivt. Ganske naivt...

Det var ikkje utan grunn at eg logga meg av Sosiale Media ei veke. Kvar gong eg åpna Instagram-appen, vart eg bombadert med bilete av eksen min og hans nye kjærast. Ei lekker hot chick frå Iran.


Det var vin-glas i solnedgang, boblebad på skjærgården, sofakos... You name it.


Det var ikkje slik at eg MÅTTE trykka inn på Storyen hans kvar gong eg åpna appen. Men jo, det måtte eg faktisk. Greide ikkje å la vera. Men skuffelsen var naturleg nok like stor kvar gong. Løøv og kliss klass fylde skjermen og eg fekk lyst å senda spy-emoji tilbake.

Etter å ha hengt med hovudet ei vekes tid og kjend sjalusien vaksa i meg, så var saken klar: Instagram måtte slettast frå telefonen.

Eg er eigentleg overraska og må nesten le litt av meg sjølv. At EG(snille, respektfulle meg) kunne vera SÅ hysterisk rasande og bitter på ei dame eg ikkje kjenner, berre fordi ho får bli elska av ein mann som eg faktisk har takka fint nei til. Fint og fint...men det var i alle fall mitt val. Det var EG som ikkje ville ha han.

Og likevel vart eg forvandla til ei bitter kjerring med tankar som ikkje høyrer heime i mitt gode univers fyld av firkløvarar og soloppgangar.


Dialogane inne meg var eit high-school-drama utan like. Det kom fram sider av meg eg ikkje visste eksisterte. Utanpå var eg sjølvsagt snill og grei som eg alltid er.... Men inni meg kjende eg meg forlatt, og eg lengta etter å bli satt pris på.

At han skal fortelja HO at han elskar ho. At han skal kjøpa hjerte-smykke og sexy undertøy og melkesjokolade til ho. Skriva søte brev. Legga seg flat. Forguda ho, slik han forguda meg....

Men eg vil jo ikkje ha han. Kvifor er eg sjalu då?

Ei veke vekke frå Instagram er no over og Gudane må vita kva dei to har haldt på med. Men eg, eg har fått nyta mitt gode liv på landet og dei rundt meg. Eg har latt tankane mine arbeida i fred. Eg har tenkt litt på dei, men mest av alt tenkt på meg sjølv.

Då eg sat i dag tidleg og skreiv brev til mi eiga intuisjon(noko eg studom gjer og anbefalar på det høgaste), så skjøna eg plutseleg:

Kanskje det ikkje er den nye dama eg er sjalu på? Kanskje det er han?

Ja...faktisk. Eg er sjalu på han fordi han får ha nokon å elska....Medan eg,...eg har mammo og pappen...men, ikkje heilt det samme, er det vel?

Eit heilt år har eg båre på skuldkjensle og lagt vaken lange netter og tenkt på kor einsom han må vera i den store 150-senga han bygde til oss. Og no viser det seg at han faktisk ikkje er einsam i det heile. Han har det rett og slett godt...

Men eg har det jo godt eg og, kva er problemet då?

...Ei ny tanke har gradvis dukka opp i meg; Eg har kanskje ingen mann å elska, men det eg har det er meg sjølv...?

Kanskje synest du det er ei einsam tanka å tenke "jaja, eg har jo meg sjølv". For då bevegar eg meg inn i det som handlar om å "elska ein sjølv"; Ein klisje ein fort kan himmla med augo av og snu ryggen til, for å sleppa å forhalda seg til det store skumle ordet "elska". Men kva betyr det eigentleg å elska eg sjølv?

Å elska seg sjølv:


Å ikkje lena seg på andre for å ha ein god dag. Ikkje trenga bekreftig frå andre for å kjenna seg ok. Å vera egoistisk, som av definisjon betyr "å fremme ens eget vel". Å læra å lytta til si eiga intuisjon. Å finna sine sterke sider, det som driv ein, der handling kjem lett. Å vita at du alltid har nokon ved di side...deg sjølv..

Konklusjonen av ei Instagram/eks-fri kjem det truleg fleire lange skriv om. Men på akkurat dette punktet har eg fått betre innsikt i det å vera tilfreds med seg sjølv, kvifor ein stund kan kjenna på eit behov for å "eiga" ein anna person", og kor godt eg kan ha det med berre meg.

Og den dagen ein man fortel meg at han elskar meg, så skal eg kunna le og svara. "Ja, det forstår eg godt for det gjer eg og:)"

Sjekk ut Podcasten "Love your Life" og for inspirasjon til å skapa eit liv du ynskjer å leva, og dans deg igjennom dagen til Tim McGraw sin fantastiske "Just to see you smile", som på ein måte tek for seg tema.

PS: Det som er deilig med sjalusi er at det held mykje sinne i seg. Og sinne er, i følge forskning, ei meir positivt lada kjensle enn sorg. Det er blitt anbefalt å bruka sinne som eit mellomledd frå sorg til glede. Eg har sjølv brukt sinne bevisst i liknande situasjonar tidlegare, med glimrande resultat.


Avsluttar med eit bilete av haust-lykke:)


83 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page