top of page

Ein forfriskande slapstur med ski på beina


Det er framleis nok snø att i lysløypa. Men tida arbeidar mot meg.


Sekund for sekund blir cm for cm til slaps. Det er akkurat so dårlig føre som smøre-fri ski kan førestilla seg. Det står i ro oppover, heldigvis. Og i ro nedover.


Snøen i lufta blir til regn på anorakken. Joda, eg burde tatt allværesjakka. Men er det skitur utan anorakken frå 60-talet?


Eg må på do. Typisk.


Eg kryp inn under greinene på ei tung furu, eller gran, eller noko slikt. Ganske koselig i grunn. I alle fall ikkje slaps. Eg nyt utsikta i knelande posisjon og lurer på kvifor alle påstår at det er så vanskeleg for kvinner å gå på do ute. Eg for min del kan ikkje tenkja på noko lettare enn å bøya knærne og slappa av i blære-musklaturen. Men meg om det.


Etter å ha leita i lommene etter papir konkluderer eg med at eit barn av naturen ikkje treng slikt tull og reiser meg.


Der var det ei grein. Med håret hengande fast i greinene og buksa nede knipsar eg eit bilete av utsikta som plutseleg var veldig fin(meir greiner) og kryssar fingrane for at ingen kjem forbi akkurat no.


Heldigvis var det ingen andre som fann på å dra på ski-tur i slaps akkurat i dag.


Snøen er blitt regn utkledd som hagl. Tusen små, tette, våte korn dyttar pannebåndet nedover mot augo. Eg dyttar det opp att med ein strikkavått som liknar meir ei dyvåt golv-fille, og hastar sakte mot den siste svingen.


Men før eg rundar. Før lyden av bilar og leikande born får møta meg. Så stoppar eg opp. Blundar. Eg kjenner korleis sveitten renn nedover under ulla. Blodet susar. Pusten går djupt, kraftig men rolig. Fuglekvitter. Ein liten bekk. Drypp. Og berre veldig veldig stille.


Smilet breiar seg over ansiktet. Hm... Av ein eller anna merkeleg grunn er turen likevel berre heilt perfekt.


Trass alt, Livet er best med ski på beina


(PS: Om du sit å kjenne på at du er missunneleg på meg som har gått på skitur i dag... Så du ikkje det altså.)

33 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page