top of page

Der ingen skribent har våga seg ned


Eg har lyst å vera skribent.

Eg har lyst å skriva informative innlegg om krig- og fredssitasjonen i Syria, konfliktar, natur-katastrofar og liknande. Og eg vil skriva inspirerande innlegg om korleis ein kan vera sin beste versjon av seg sjølv, om meditasjon og gje tips til gode sunne salat-oppskrifter. Og eg vil sei det på ein lur måte, slik som ingen andre har sagt det. Slik som Trygve Skau, Odd Nordstoga, Ole Paus og desse der, berre som Eli Gauden.

Men eg skriv når eg har noko som ikkje kan haldast inni meg. Og det som ikkje kan haldast inni meg har dessverre lite med fred på jord og naturvern å gjera, sjølv dette er lidenskapar eg så gjerne skulle fremma. Nei, eg skriv når alt inni meg kjennes som dritt. Eg veit ikkje om skribentar har lov å bruka ordet dritt, men det er slik det kjennes. Stundom. Nokon vil kalla det eg skriv for "mental helse". Men det passar seg liksom ikkje for ein artist å skriva om mental helse. Eg skal jo vera glad og inspirerande og ha så mykje girl power at halvparten kunne vore nok. Eg burde skriva kloke ord om feminisme og #metoo.

Men sånn eigentlig vil eg berre skriva skikkelig depressive tekstar, om det mørkaste mørke der ingen skribent har våga seg ned. I alle fall ikkje med direkte steg. Eg har lyst å sitja nedi den svarte dritten og måla ord. Kjenna smerten nesten som tatovering som blir rissa inn i min eigen hud. Berre sei, ja dritt kom og velt deg øve meg, la meg bade i deg. Når du absolutt har dratt all livsgnist og motivasjon frå meg, så la meg kjenna på det. Snakk til meg. Kva prøve du å sei? Vil du eg skal grina? Ja, eg kan grina; La maskaraen maskera ansiktet, reflektera det som er inni. La det koma ut.

Det er dritt å ha det dritt. Men det er enno meir dritt om ein ikkje veit kvifor, eller om ein må gå med maska og ignorera mørket. For sanninga er, det å bli ignorert er som gjødsel for dritten. Den veks og gror.

Difor skriv eg. La det stå på trykk. Eg kan rett og slett ikkje tru at eg er einaste som har ein kjellar full av dritt, av og til.

Til deg....Som lurer på kva du skal gjera med dritten: Boblebad deg sjølv i den. Av og til tek det ikkje lenger enn 5 minutt. Andre gongar eit år. Men tru meg, du kjenner deg reinare etterpå!

9 views0 comments

Recent Posts

See All
D72_7524_edited.jpg

Eli's train of thoughts

bottom of page